Ekstremsportveko er også næringsutvikling

Avdelingbanksjef André Bjørkhaug fortel australske Ben (24) om nokre av dei nye utviklingstiltaka på Voss. (Foto: Sparebanken Vest)
Avdelingbanksjef André Bjørkhaug fortel australske Ben (24) om nokre av dei nye utviklingstiltaka på Voss. (Foto: Sparebanken Vest)

– Vi har sett at tilflyttarar frå så langt borte som Sør-Afrika og New Zealand har flytta til Voss fordi det er så stor variasjon på ein og same stad, og at det er mogleg å drive med mange ulike aktivitetar av ekstremsport-typen, seier Veko-generalen Gjert Birkeland.

Sparebanken Vest har sett det same, at Ekstremsportveko føre til at folk flyttar til Voss, og at Ekstremsportveko har vorte ein del av næringsutviklinga på Voss. Derfor er Sparebanken Vest engasjerte i fleire av dei næringsrelaterte aktivitetane under Ekstremsportveko. Først og fremst gjennom at Sparebanken Vest er samarbeidspartnar for Ekstrem jobbmesse.

I tillegg vart vår nye kredittløysing for små- og mellomstore verksemder, Buffer, presentert under Næringshagen på Voss og Destinasjon Voss sitt arrangement Last Tuesday.     

Frå Australia til Voss

24 år gamle Ben Ralton frå Australia er ein av dei som har fått smaken på Voss gjennom Ekstremsportveko, og som nytta jobbmessa til å undersøke jobbmarknaden på Voss. Han har berre vore 3 månader i Noreg, men han høyrde om Voss og Ekstremsportveko omlag med ein gong han gjekk av flyet frå Australia. Dermed søkte han om ein plass i frivillig-korpset under Veko, for å verta kjend med landsdelen og samstundes leve ut lidenskapen for mountainbiking.

Ekstrem jobbmesse er kontaktpunktet mellom nye vossingar frå inn- og utland og verksemdene på Voss. Frå venstre marknadsrådgjevar Lars Endre Tholo, Veko-general Gjert Birkeland (midten) og fylkesdirektør i NAV Tommy Johansen (Foto: Sparebanken Vest)
Ekstrem jobbmesse er kontaktpunktet mellom nye vossingar frå inn- og utland og verksemdene på Voss. Frå venstre marknadsrådgjevar Lars Endre Tholo, Veko-general Gjert Birkeland (midten) og fylkesdirektør i NAV Tommy Johansen (Foto: Sparebanken Vest)

– Eg har mellom anna oppretta kontakt med Myrkdalen Fjellandsby om jobb der i skisesongen. Det ser svært lovande ut, fortel 24-åringen.

– Vi ser at det å flytte til hobbyen sin, det har vorte ein trend for mange. Mange får seg jobb her, men mange vert og ein del av den vitale gründer-kulturen på Voss. Sparebanken Vest kan tilby god bankrådgjeving og moderne banktenester til begge desse gruppene, sier avdelingbanksjef André Bjørkhaug medan han fortel australske Ben om nokre av dei nye utviklingstiltaka på Voss.  

Nytt låneprodukt frå Sparebanken Vest

Næringshagen på Voss og Destinasjon Voss sin treffstad Last Tuesday flytta også for høvet inn på Ekstremsportveko sitt område. Mellom nye selskap som vart presentert, mange av dei knytt til friluftsaktivitet, kunne Sparebanken Vest presentera eit nytt låneprodukt for små- og mellomstore verksemder – den nasjonale, digitale tenesta Buffer.

Buffer vil gje SMB-verksemder høve til å låne pengar på bakgrunn av dei uteståande fakturaene som verksemda har. Heile søknadsprosessen er digital. Verksemda må gje Buffer og Sparebanken Vest tilgang til sitt regnskapssystem, slik at vi kan vurdere kor mykje kreditt dei uteståande fakturaene gir grunnlag for.

Regionbanksjef for bedriftsmarknaden, Asgeir Løno, presenterer eit nytt låneprodukt for små- og mellomstore verksemder – den nasjonale, digitale tenesta Buffer. (Foto: Sparebanken Vest)
Regionbanksjef for bedriftsmarknaden, Asgeir Løno, presenterer eit nytt låneprodukt for små- og mellomstore verksemder – den nasjonale, digitale tenesta Buffer. (Foto: Sparebanken Vest)

– Enkelte mindre verksemder har tidligare hatt dårleg tilgang på kreditt, fordi dei blir bedne om å levere historiske rekneskapstal. Desse er gjerne ikkje representative for drifta i dag, særleg om det gjeld gründer-verksemd.

– Buffer-løysinga, med høve til å låna ut frå dei uteståande fakturaene og den meir presise informasjonen som finst der, ligg an til å verta ei enkel og oversiktleg løysing for dei mindre verksemdene, seier regionbanksjef for bedriftsmarknaden, Asgeir Løno. 

Passer for gründerbedrifter

Også avdelingsbanksjef Andre Bjørkhaug har tru på at Buffer vil verta eit godt produkt, særleg i gründer-miljøa her på Voss.

– Eit av dei nye og svært innovative selskapa som presenterte seg på Last Tuesday var Flow Motion, eit selskap som har laga ein stabilisator for filming med mobilkamera. Her er eit typisk døme på eit selskap der rekneskapstala frå i fjor fortel svært lite om dagens situasjon, mens ordrereserven gir eit heilt anna bilete, fortel Andre Bjørkhaug.

– Buffer er eit døme på innovasjon og nyskaping frå Sparebanken Vest, samstundes som samarbeidet med Ekstremsportveko er eit døme på at vi støttar opp om innovasjon og nyskaping hjå andre også, legg Andre Bjørkhaug til.

Kommenter artikkelen nedenfor: