Aud Melås, degleg leiar for Flåmsbrygga hotell
Det var med tungt hjarte at Aud Melås stengde døra til Flåmsbrygga hotell 15. mars og samtidig måtte sende ut varsel om permittering til dei tilsette. Sparebanken Vest-kunden er ein av dei som har fått statsgarantert lån for å overleve.

Kvart år kjem omlag 1,6 millionar turistar til reiselivskommunen Aurland og Flåm. Mange av dei blir innlosjerte i Flåmsbrygga hotell, men sidan koronaviruset snudde opp ned på verda har det vore stengde dørar og kanselleringar for hotellet.

– Til no har vi motteke kanselleringar verdt 14 millionar kroner. Det er berre for hotellromma og lunsj – alt det som vi ikkje har i bookingsystemet vårt kjem i tillegg. Talet er antakeleg dobbelt så stort. Eg prøver å halde motet oppe, men eg er jo engsteleg for om heile livsverket mitt er borte, seier Aud Melås, dagleg leiar og eigar av Flåmsbrygga hotell.

Permitteringar og likviditetsproblem

Så å seie alle tilsette ved hotellet fekk varsel om permittering midt i mars. Sesongarbeidarar som skulle kome til sommaren har fått beskjed om at alt er på vent. Budsjettert omsetning ble justert ned frå 63 til 14 millionar kroner for 2020.

– Den største utfordringa er uvissa. Vi veit ikkje når vi kan opne igjen og om vi nokon gong kan opne med den kapasiteten som vi har hatt. Likviditeten blir også ein utfordring etter kvart. Vi har nok pengar på bok fram til hausten, men etter det blir det tynt, seier Melås.

Flåmsbrygga hotell i Flåm.

Sjølv om Flåm no skal opne for turistar att, er smittevernreglane vanskelege å følgje når ein driv hotell og restaurant.

– I den eine restauranten har vi plass til 150 personar, men med 2 meters-grensa vil vi maks kunne ta inn ein tredjedel av dette. Vi kan ikkje ha buffé slik vi pleier å ha til frukost og lunsj, og ein À la carte-meny er mykje dyrare å drive. Færre kundar og fleire tilsette – det går ikkje opp, fortvilar Melås.

God hjelp frå Sparebanken Vest

Ho har heile vegen hatt ein open og god dialog med kunderådgjevaren sin i Sparebanken Vest, Trond Helgesen.

– Han har vore ein utruleg god medspelar og rådgjevar i dette. Eg er imponert over kor fort banken snudde seg rundt og fiksa avdragsfridom og hjelpte oss med å søke om statsgarantert lån. Eg sendte inn informasjon om lånebehovet rett over påske, og tre dagar etter fekk vi svar om at søknaden var godkjent.

Det statsgaranterte lånet er god hjelp på kort sikt, men på lang sikt blir det tøft, fortsett Melås.

– Eg håpar at eg slepp å bruke så mykje av dei pengane, men det er avgjerande å ta tidleg grep for å sikre at vi har ein buffer om dette varar, noko det ser det ut til å gjere.

Les meir om ordninga med statsgaranterte lån her.

Betre ordningar for sesongverksemder

Sparebanken Vest-kunden har også fått godkjend kontantstøtte frå staten. Det dekker ikkje tapet av inntekter, men det hjelper godt å få dekt dei faste kostnadane, fortel Melås. Ho kunne ønske at staten hadde betre ordningar for sesongverksemder som har store svingingar i inntekter.

– Det er fråfallet av inntekter som er det største problemet for oss. Derfor hadde det vore supert om staten kunne ha dekt tapet av inntekter basert på historiske rekneskapstal, men det forstår eg at vil vera krevjande å få til ein ordning på, seier Melås.

Er du bekymra for verksemda di? Ring hjelpetelefonen vår for små og mellomstore verksemder på 55 21 78 59 kvardagar mellom klokken 08 og 16.00.

Kommenter artikkelen nedenfor: