Geir Flatjord foran et kraftverk i Sunnfjord
Geir Flatjord er et kjent småkraft namn etter mange år i Sparebanken Vest. Her framfor Øvrebø kraftverk i Sunnfjord.

Dette innlegget stod først på trykk i Småkraftnytt.

Dei første åra var byggekostnaden rundt kr. 1 per KWh og straumprisen var rett under 20 øre/kWh og deretter stigande. Økonomien i kraftverka var god og mange ville bygge ut då dei såg at andre lukkast med å realisere eigne prosjekt. På denne tida var det relativt kurant for dei fleste å få på plass finansiering.

Mange lokale bankar var med og tilbydde finansiering og satsa på bransjen. Både NVE og Småkraftforeninga var flinke til å opplyse om potensialet for vasskraft og det var raskt stor interesse kring småkraftverk. Om lag alle som hadde eigarskap til ei elv ville bygge ut.

Bransjen var i den tidlege fasen prega av mange nye leverandørar som såg potensialet. Fleire av desse var vekke etter nokre år og ikkje alle utbyggjarane var like godt nøgde med resultatet. Etter kvart vart det færre tilbydarar i marknaden. Entreprenørane og leverandørane hadde fått auka kompetanse og erfaring. Kvaliteten på kraftverka har vorte betre og betre.

Endring i rammevilkår

Innimellom har det også vore stor usikkerheit i forhold til politiske endringar spesielt med omsyn til grunnrenteskatt og innslagspunktet til denne. Dette har vore forhold som i stor grad har påverka evna til kor mykje lån eit kraftverk kunne forsvare. I praksis har slik usikker¬heit gjort at det i periodar har vore krav om høgare eigenkapital.

Ekstreme variasjonar i inntekter

Året 2010 vart eit spesielt år med lang kuldeperiode og lite produksjon. For mange småkrafteigarar var nok det første året med så store avvik. Etter dette har både året 2015 og 2020 vore ekstremår den andre vegen med høg produksjon og låge prisar. Slike periodar har ført til press på likviditet og evne til å betjene renter og avdrag.

Større einingar og utanlandsk kapital

I starten på 2000-tallet var finansieringa i stor grad knytt opp mot kraftverk der grunneigarane bygde ut i eigen regi. På mange måtar var bankane sine konkurrentar ikkje berre andre bankar, men også om grunneigarane skulle bygge ut sjølve eller leige ut fallretten. Bransjen var meir splitta i forhold til grunneigarverk og profesjonelle utbyggjarar. Dei siste 8-10 åra står bransjen no samla og alle ser at uavhengig av eigarskap så har ein felles interesser og at alle er avhengige av kvarandre.

For bankane har det vore ei stor styrke at mange aktørar vil inn i marknaden. Færre, men større aktørar har vore med å skape ein marknad for kjøp og sal av kraftverk og sikra at verdien på kraftverka er høgre enn nokon gong. Dette har også ført til at det har vore lettare for bankane å vere fleksible i perio¬dar med lågare inntekter og svakare likviditet.

Nye utfordringar

Bransjen er heile tida i endring. Ein ser no ny produksjon frå vasskraft og vindkraft (både i Norge, men særleg i Sverige), auka overføringskapasitet til utlandet, nedskalering av kolkraft og atomkraft i Europa, samt venta auke i straumforbruket. Dette betyr endring i tilbodssida og ein auka andel av uregulert kraft, men også auke i etterspørselen gjennom auka forbruk og overføringskapasitet.

Flaskehalsar i straumnettet har ført til store skilnader i inntektsgrunnlaget til kraftverkseigarane avhengig av kor i landet kraftverket ligg. For få år sidan var det ei lykke å drive kraftverk i Midt-Norge og eigarane som var lenger sør følte at dette var urettferdig. Situasjonen er no snudd og forskjellen i områdeprisen er på slike nivå som ein ikkje tidlegare kunne førestille seg.

Kraftverkseigarar i prisområde med låg straumpris er no på tredje året med låge inntekter. Dette er utfordrande. Med straumprisar i smelteperioden på ca. 0-10 øre/kWh er det ikkje nok inntekter til å betjene driftskostnader og renter. Sjølv kraftverk som har vore i drift i mange år og har låg gjeld i forhold til produksjon har utfordringar med dette prisnivået.

Vi har stadig dialog med våre kundar som opplever situasjonen som svært kritisk. Fleire av desse er i prosess om å selje kraftverket, ikkje nødvendigvis fordi dei vil, men fordi dei må. Mange av dei grunneigareigde kraftverka i låge prisområde har siste åra ikkje utbetalt lønn for tilsyn, fallrettsleige og heller ikkje klart å betjene sine forpliktelsar på avdrag.

På same tid har kraftprodusentane i høge prisområde eit heilt anna scenario. Desse har produsert ei normal årsinntekt på 1-2 månader i starten av snøsmeltinga. Prisen er i periodar over 100 gangar høgre og utsiktene dei neste åra er gode. Produsentane leverer den same vara, men verdien er svært ulik på grunn av flaskehalsane i straumnettet. Staten er med og gjev støtte til forbrukarane som har høg straumpris, men det er ingen støtte til produsentane med låg straumpris. Mange av aktørane i lågprisområder har som mål å «overleve» fram til ny overføringskapasitet er på plass. Det er derfor svært viktig at det er høg prioritet å få dette på plass så raskt som mogleg.

Vidare satsing

Sparebanken Vest satsar offensivt på bransjen og har ei målsetting om vidare vekst. Sjølv om det er ein bransje der det er store svingingar opplever vi at aktiviteten er større enn noko gang. Dette gjeld både nye utbyggingsprosjekt, oppkjøp og omstrukturering.

Vi er ein bank for alle aktørane og kan bidra med erfaringar og kompetanse. Vi har eit eige småkraftteam med rådgjevarar lokalisert på heile Vestlandet og desse følger opp eksisterande kundar og er alltid interessert i nye kundar. Innafor småkrafta har vi kundar frå store delar av landet også utanfor vårt primære marknadsområde.

Potensialet framover

Forventning til auka straumprisar fram i tid fører til at fleire potensielle prosjekt blir lønnsamme å bygge ut. Dette gjer også at det kan komme ein ny periode med mange nye konsesjonssøknader basert på prosjekt som tidlegare ikkje har blitt prioritert. Det er derfor ein fare for at ein kan komme tilbake til den situasjonen som var for nokre år sidan med lang behandlingstid for å få løyve til å bygge ut.

Kommenter artikkelen nedenfor: