Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane har teke initiativet til at det blir danna eit næringsråd for Sogn og Fjordane.
Initiativet vart annonsert på ein pressekonferanse i Førde tysdag, medan stiftingsmøte blir halde 7. november same stad.
– Dette er ein merkedag for næringslivet i Sogn og Fjordane. Ved å bygge opp eit næringsråd, der alle verksemder som driv næringsaktivitet i fylket kan vere medlemmer, håper vi å skape eit sterkt organ som offensivt kan målbere viktige krav som vil tene næringslivet i fylket, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest og administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane i ein felles kommentar.
Dei legg til at medan andre stader har eit organ som kan samordne næringslivet sine interesser og fremme desse offensivt overfor styresmaktene, til dømes Bergen Næringsråd, har i stor grad ei slik koordinering for næringsaktørane i fylket mangla fram til i dag.
– Vi ser fram til stiftinga av næringsrådet og har god tru på at det vil bli eit viktig organ for næringslivet i fylket, uttaler Jan Erik Kjerpeseth og Trond Teigene.
Ei særs viktig oppgåve vil vere å fremme næringsinteresser og inspirere til å bruke ressursane i fylket for å oppnå størst mogleg verdiskaping. Næringsrådet må skaffe seg stor påverknad overfor lokale, regionale og nasjonale styresmakter. Nettverk skal utviklast, og det må leggjast arbeid i å skape eit positivt omdømme for Sogn og Fjordane.
Utdanning og kompetansebygging skal ha stor vekt i næringsrådet sitt arbeid. Det gjeld både overfor vidaregåande opplæring og høgare utdanning.
– Arbeidsoppgåvene til næringsrådet vil sjølvsagt bli til undervegs og vil dermed skifte med tida, og næringsrådet skal samarbeide og vere ein medspelar med andre næringsorganisasjonar i fylket, seier dei to bankleiarane.
Stiftingsmøtet for Næringsrådet vil haldast 7. november på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde. På stiftingsmøtet blir det innleiingar om kvifor eit næringsråd bør dannast her i fylket. Dei gode erfaringane frå Bergen Næringsråd vil næringspolitisk sjef Atle Kvamme innleie om.
Etter stiftingsmøtet innleier adm. dir. Stein Lier-Hansen i Norsk Industri til debatt om aktuelle næringspolitiske spørsmål.
Les meir:
Arvid Hallén vert styreleiar
Leon Bakkebø vert dagleg leiar
Kommenter artikkelen nedenfor: