Vestlandsindeks nr. 4 2018
Faksimile forside Vestlandsindeks 4/2018 (Foto: Colourbox)

Vestlandsindeks 4/18 er ei undersøking blant 700 føretaksleiarar på Vestlandet utarbeidd av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse. Indeksen går frå 0 til 100. Eit tal over 50 indikerer eit positivt syn på den økonomiske situasjonen og utviklinga, medan eit tal under 50 indikerer pessimisme. For fjerde kvartal 2018 viser Vestlandindeks ein resultatindeks på 62,8 og ein forventningsindeks på 65,6. Tilsvarande tal for fjerde kvartal 2017 var 61,0 og 65,9.

 Vestlandsindeks nr. 4 2018
Tidligare utgåver av Vestlandsindeks

Graf 1. Resultat- og forventningsindeks (samla alle fire fylke)
Forventningsindeksen er skoven to kvartal fram for betre illustrere samanhengen mellom Vestlandsbedriftene si oppleving av marknadssituasjonen dei siste tre månadane og forventningar til marknadssituasjonen dei neste seks månadane. Historisk har Forventningsindeksen vore ein god leiande indikator for Resultatindeksen.

Resultata frå Sparebanken Vest sitt næringslivsbarometer Vestlandindeks 4/2018 tyder generelt på ein stabilisering av vestlandøkonomien på eit godt nivå. Ein moderat vekst i sysselsetjing, etterspurnad og investeringar bidreg til å trekkja resultatindeksen opp i fjerde kvartal. Særleg føretak med betydelege delar av omsetnaden knytt opp mot petroleumsnæringa bidreg til den positive utviklinga.

I føregåande Vestlandindeksar har petroleumssektoren si opphenting vore eit tilbakevendande tema.

– Ved inngangen til 2018 såg vi at føretak med høgare del av omsetnad knytte til olje- og gassrelatert verksemd igjen hadde forventingar på nivå med sektorar skjerma frå petroleumsverksemd. Vestlandindeks for fjerde kvartal viser at den positive utviklinga i petroleumsnæringa har halde fram, medan føretak skjerma for næringa har hatt ein tilnærma flat utvikling. I tråd med at investeringane igjen tek seg opp på norsk sokkel, ser vi no at føretak med ein større del av omsetnaden knytte til olje- og gassrelatert verksemd har markant høgare forventingsindeks enn føretak med liten eller ingen tilknyting til petroleumsnæringa, seier konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik.

Ragnhild Janbu Fresvik
Ragnhild Janbu Fresvik Konserndirektør Bedriftsmarked i Sparebanken Vest Foto: Studio 1 Fotografene

Lågare forventingar i andre bransjar

Den samla forventingsindeksen er ned for andre kvartal på rad. Nivået på indeksen er framleis høgt, men nedgangen signaliserer at vi kan venta oss ei lågare veksttakt for vestlandøkonomien i tida som kjem. Auka renter ute og heime, mindre robust vekst i verdsøkonomien og auka handelsbarrierar bidreg til å dempa veksttakta, òg på Vestlandet.

– Underindeksane til forventingsindeksen viser rett nok ein generell auke i optimismen knytt til investeringar og sysselsetjing, medan forventingar om lågare lønsemd og etterspurnad det neste halvåret trekkjer den totale forventingsindeksen ned, fortel Fresvik.

Vestlandføretaka rapporterer om auka jobbvekst samanlikna med førre kvartal, og ein tilsvarande større del av føretaka forventar ein auke i talet på årsverk det neste halvåret. Ser ein på utviklinga i underindeksane for sysselsetjing dei siste tre kvartala under eitt, tyder mykje på ein utflating i sysselsetjingsveksten.

– Samstundes ser vi at det er stor variasjon i sysselsetjingsutviklinga mellom bransjar. Industri og transport nyt godt av betra tider i petroleumsbransjen, medan bygg- og anleggsbransjen, og dessutan varehandel og annan tenesteyting begge justerer ned sysselsettingsforventingane for andre kvartal på rad. At vi totalt sett ser ein utflating i sysselsetjingsindeksane tyder likevel på at vi nærmar oss full sysselsetjing på Vestlandet. Kampen om talenta spissar seg til, og vil truleg leia til auka lønsvekst, seier Ragnhild Janbu Fresvik.

Graf 2. Sysselsettingsindeks
Netto del (%) bedrifter som venter å auka talet på tilsette dei neste 6 månadane i kvart av vestlandsfylka.

Fylkesvis utvikling – markant nedgang i Sogn og Fjordane

Fylkesvis er det føretaka i Hordaland og Rogaland som bidreg til den positive utviklinga i resultatindeksen, medan føretak i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane i snitt melder om ein moderat nedgang i resultata.

Rogaland er òg einaste fylke med auka optimisme for det neste halvåret, men nedjustert optimisme i dei tre andre vestlandsfylka bidreg til å trekkja den totale forventingsindeksen ned for andre kvartal på rad. Nedgangen er mest markant blant føretaka i Sogn og Fjordane, som når den lågaste forventingsindeksen i Vestlandindeksen si historie.

– Rogalendingane forskansar posisjonen sin som det mest optimistiske av vestlandsfylka. Den positive utviklinga viser igjen seg i alle underindeksar, der særleg positiv sysselsetjingsutvikling i fylket bidreg til å trekkja den totale forventingsindeksen opp. I motsett ende opplever vi for første gong i historia til Vestlandindeksen at føretaksleiarane i Sogn og Fjordane rapporterer ein forventingsindeks under 60. Dette skjer etter tre kvartal med nedjusterte forventingar. Det er særleg forventingar om lågare etterspurnad og lønsemd som har bidrege til den negative utviklinga, men i fjerde kvartal ser vi òg nedjusterte forventingar i underindeksane for investering og sysselsetjing, seier konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik.

– Hordaland og Møre og Romsdal held fram i ein svak nedadgåande trend når det gjeld forventingar, slik det har vore gjennom heile 2018. Den dempa optimismen vert prega i begge fylka spesielt av lågare forventing til etterspurnad og lønsemd. Men på den positive sida for dei begge viser underindeksane for investering og sysselsetjing at desse tek seg noko opp, seier konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik.

Andre interessante funn i undersøkinga

  • Føretak med meir enn 50 % av omsetnaden retta mot eksportmarknaden kan melda om ein resultatindeks på 72, ti poeng høgare enn føretak skjerma for eksportmarknaden.
  • Underindeksen til resultatindeksen for investeringar går opp frå 55,6 i tredje kvartal til 56,4. Ser ein bort i frå den sterke målinga i andre kvartal 2018, må ein tilbake til andre kvartal 2014 for å sjå tilsvarande nivå på indeksen.
  • Underindeksen til resultatindeksen for sysselsetjing går marginalt opp frå målinga til førre kvartal, frå 53,7 til 54,0. Ser ein utviklinga i indeksen dei siste tre kvartal under eitt, har denne vore tilnærma flat. Dette understøtter prognosar frå tidlegare vestlandindeksar om at vi nærmar oss full sysselsetjing på Vestlandet.

Kommenter artikkelen nedenfor: