Vestlandindeks 1/19 er ei undersøking blant 700 føretaksleiarar på Vestlandet utarbeidd av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse. Indeksen går frå 0 til 100. Eit tal over 50 indikerer eit positivt syn på den økonomiske situasjonen og utviklinga, medan eit tal under 50 indikerer pessimisme. For fyrste kvartal 2019 viser Vestlandindeks ein resultatindeks på 62,5 og ein forventingsindeks på 68,5. Tilsvarande tal for fyrste kvartal 2018 var høvesvis 60,3 og 67,1.
Vestlandsindeks nr. 1 2019
Tidligare utgåver av Vestlandsindeks
Graf 1. Resultat- og forventningsindeks (samla alle fire fylke)
Forventningsindeksen er skoven to kvartal fram for betre illustrere samanhengen mellom Vestlandsbedriftene si oppleving av marknadssituasjonen dei siste tre månadane og forventningar til marknadssituasjonen dei neste seks månadane. Historisk har Forventningsindeksen vore ein god leiande indikator for Resultatindeksen.
Forventingsindeksen har tidlegare vist seg å vera ein god leiande indikator for utviklinga i resultatindeksen, og legg vi til grunn utviklinga i siste kvartal i indeksen, tyder dette på at 2019 vil verta eit godt år for vestlandsføretaka. Forventingsindeksen går tydeleg opp og er no nære sitt historiske maksimalnivå. Særleg forventingar om betra etterspurnad og lønsemd bidreg til den auka optimismen.
– Vi ser at underindeksen til forventingsindeksen for investeringar går opp for andre kvartal på rad. Med det vert det signalisert auka investeringsvilje blant Vestlandets føretak. Sjølv om det framleis er blant føretak med tilknyting til petroleumsbransjen at investeringslysta er høgast viser Vestlandindeksen at dei no i større grad får følgja av føretak skjerma for petroleumsbransjen. Denne gryande optimismen i skjerma sektor tyder på at omstillinga i vestlandøkonomien byrjar å bera frukter, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest.
Full sysselsetjing – press på lønningane?
Underindeksen til resultatindeksen for sysselsetjing held seg stabil mellom 53 og 54 slik vi har sett det siste året, og endar på 53,4, ned frå 54,0 førre kvartal. I føregåande vestlandindeksar har det vorte signalisert at vi nærmar oss full sysselsetjing på Vestlandet. Samstundes ser vi at underindeksen til forventingsindeksen for sysselsetjing går opp for andre kvartal på rad og endar på 57,0, mot 55,6 førre kvartal.
– Vi er no på historisk høge nivå når det gjeld forventingar om sysselsetjingsvekst, og kombinert med at ein nærmar seg full sysselsetjing på Vestlandet vil dette leia til ein tøffare kamp om talenta, som igjen vil bidra til auka lønsvekst. Det vert spennande å følgja lønsoppgjeret til våren. At det ligg ei forventing om lønsvekst når pilene peikar oppover igjen og ein har bidrege til å koma gjennom ein tøff omstilling er forståeleg. Men samstundes håpar eg at lønsoppgjeret vert berekraftig for Vestlandføretaka som framleis må stilla seg til usikre makroutsikter internasjonalt og naudsynt omstilling her heime, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik.
Graf 2. Sysselsettingsindeks
Netto del (%) bedrifter som venter å auka talet på tilsette dei neste 6 månadane i kvart av vestlandsfylka.
Regionsvise skilnader: Rogaland utmerkar seg særleg positivt
Forventingsindeksen går opp i alle dei fire vestlandsfylka, der mellom anna Rogaland når det høgaste nivået sitt i historia til vestlandindeksen. Rogaland forskansar òg posisjonen sin som fylket med høgast resultatindeks etter oppgangen gjennom to kvartal. Føretaka i Hordaland slår følgje oppover med naboen sin i sør, medan føretaka i dei to nordlegaste vestlandsfylka i snitt rapporterer lågare resultatvekst enn ved målinga i førre kvartal.
– Det er spesielt auka etterspurnad som er drivaren for høgare verdiar når det gjeld både forventing- og resultatindeksen for Rogaland. Oppsvinget i oljesektoren dei siste par åra er sjølvsagt ein viktig medverkande faktor her, men eg vil òg gje honnør til føretaka i Rogaland for viljen og evna til omstilling. Mange føretak har funne nye marknader for produkta sine og i tillegg òg gjort greip for å gjera seg mindre sårbare overfor dei sykliske svingingane i petroleumsektoren, seier Ragnhild Janbu Fresvik.
Føretaka i Hordaland har det siste året meldt stabile resultat og no i første kvartal viser forventingsindeksen ein markant auke opp til 68,1, mot 64,7 i fjerde kvartal 2018. Indeksen når med det det høgaste nivået sitt sidan andre kvartal 2013 . Alle underindeksar viser positiv utvikling, der særleg forventingar om betra lønsemd, etterspurnad og sysselsetjing bidreg til den auka optimismen.
Resultatindeksen i Sogn og Fjordane går moderat tilbake for andre kvartal på rad og endar på 60,9, ned frå 61,4 . Nedgangen har vore signalisert gjennom fleire kvartal med fall i forventingsindeksen for fylket.
– Etter førre kvartal si rekordlåge måling, har optimismen no endeleg kome tilbake hos føretaksleiarane i Sogn og Fjordane. Forventingsindeksen for første kvartal stig til 65,1, opp frå 59,8 og utliknar med det tilbakegangen til det førre kvartal. Over tid har vi sett at indeksane for trivselsfylket nok i større grad er påverka av sesongmessige variasjonar med sommarturismen blant dei meste sentrale næringane, enn det som er tilfellet for dei andre Vestlandsfylka, seier Ragnhild Janbu Fresvik.
Kommenter artikkelen nedenfor: