Lastebilar som står parkert

Vestlandsindeksen for 4. kvartal 2020 viser klare teikn til at fleire bedrifter på Vestlandet slit med likviditeten og ei usikker framtid. I tillegg til at kvar fjerde bedrift har gjeve lengre betalingsfristar, svarar ein av ti at dei har sagt frå seg heile eller delar av uteståande beløp.

– Dette vil vi følgje tett opp med kundane våre. Blant anna vil me rå dei til å vere proaktive i innkrevjing av uteståande beløp og be om betalingsgarantiar for større beløp, seier Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest.

Forventningsindeksen fell meir enn resultatindeksen

Verksemder som har gjeve sine kundar utvida kreditt eller lengre fristar med å betale, rapporterer også om lågare forventningar til dei neste seks månadane enn andre.

Vi er framleis på eit historisk lågt nivå for resultat- og forventningsindeksen. Det som er spesielt denne gongen, er at forventningane fell meir enn resultata. Dei to indeksane er no på same nivå, noko som ikkje har skjedd før i indeksens si historie.

Sjølv om mange klarar seg bra enno, melder bedriftene om mindre siktlinje og at det har blitt meir krevjande å planleggje fram i tid.

– Mange står framleis i ein krevjande situasjon med stor uvisse knytt til aktivitet og oppdrag. Gjeninnhentinga er sett på pause og bedriftene melder om noko lengre veg fram til ein normal kvardag, seier Fresvik.

Sjå Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest, diskutere funna i Vestlandsindeksen med Kjetil Benson, leiar for Markets.

Olje og gass gjer eit hopp på forventningsindeksen

Dei fleste bransjane rapporterer om eit fall i forventningane. Ikkje overraskande er fallet stort for «overnattings- og serveringsverksemder». Fallet er også tydeleg for «shipping, transport og lagring». For desse bransjane har forventningsindeksen aldri vore lågare.

Verksemdene som har meir enn halve omsetnaden knytt til olje og gass, held derimot fram den positive utviklinga. Forventningane er no på linje med andre næringar, og bransjen har auka investeringar og aktivitetsnivå. Dette samsvarar med siste anslag for oljeinvesteringane frå SSB.

– Dette er eit resultat av tiltakspakkane frå det offentlege og vi ser fleire prosjekt som no skapar aktivitet og arbeid hos leverandørindustrien. Når den største næringa på Vestlandet melder om auka forventningar, vil dette gje positive ringverknadar i næringslivet, seier konserndirektøren.

Vil du lese meir om funna i Vestlandsindeksen for 4. kvartal 2020? Last ned rapporten på spv.no.

Ulikt i regionane – Møre og Romsdal er positive

Sjølv om nedgangen er brei, er det forskjellar mellom dei ulike regionane. Tilbakegongen er størst i Hordalandsregionen – bedriftene her peikar på ei endå større uvisse framover enn andre område. Faktisk så er dei tilbake til nesten same nivå som i 2. kvartal, då indeksen var på sitt lågaste nivå nokon gong.

– Det er truleg smitteoppblomstringa og to periodar med nedstengning som er årsaka til at bedriftene der venter at vegen tilbake til normalen blir lengre, seier Fresvik.

I Møre og Romsdal er situasjonen ein annan. Bedriftene her ser ei meir positiv utvikling i forventningane.

– Det er svært gledeleg å sjå at bedriftene i Møre og Romsdal ventar ei auke i sysselsetting, investeringar og etterspurnad, seier Fresvik.

Dagens Næringsliv skriv om Vestlandsindeksen: Høsten er blitt tøffere enn ventet for vestlandsbedriftene: – Viser hvor stor usikkerheten er

Ragnhild Janbu Fresvik
Ragnhild Janbu Fresvik, konserndirektør bedriftsmarked. Foto: Eivind Senneset, Sparebanken Vest

Store bedrifter vil investere meir

Blant verksemder med meir enn 50 tilsette seier 40 prosent at dei vil investere meir. Berre 14 prosent av dei minste bedriftene vil gjere det same.

– Det er dei store bedriftene som leiar an i investeringane på Vestlandet. Det er eit visst tidsetterslep her – dei store må auke først, og så håpar eg at vi vil sjå at dette vil avle aktivitet hos dei små og mellomstore bedriftene i neste Vestlandsindeks, kommenterer Fresvik.

Eit lyspunkt er investeringsviljen i maritim sektor – den er framleis stor: 1 av 3 av dei maritime bedriftene vil auke investeringane det neste halvåret. Til samanlikning så seier 1 av 5 bedrifter i heile utvalet at dei vil investere.

Ei av bedriftene som investerer trass usikre tider, er proteinprodusenten Vestkorn på Tau i Rogaland.

Sjå resultat frå førre Vestlandsindeks her

Kommenter artikkelen nedenfor: