Tore Dvergsdal og Simen Aarskog

– Eg er takknemleg, og ikkje minst inspirert, over å bli vist denne tilliten. Vår viktigaste oppgåve er å sikre stødige leveransar for kundane våre i den heilt spesielle tida vi står i no, seier Simen Løland Aarskog.

Han har syv år bak seg i Sparebanken Vest og kjem frå stillinga som regiondirektør for Divisjon Bedriftsmarknad i Sunnhordland og Haugalandet. Han skal leie 15 av i alt 33 kontor i banken, som strekk seg frå Bergen sentrum i nord til Nærbø i Rogaland i sør. Desse 15 kontora hadde ei samla utlånsportefølje på totalt 59,6 milliardar kroner til privatmarknaden i 2019.

Har vore konstituert konserndirektør

– Eg er svært motivert for denne oppgåva. Eg kjenner styrken i laget i region Nord allereie, og ser fram til at vi skal bygge ei enda sterkare konkurransekraft saman og bevise for våre kundar på Vestlandet at vi er der for dei, både i gode og tøffe tider, seier Tore Dvergsdal.

– I tillegg er det heilt klart at eg får ein utruleg god makker i Simen Aarskog som leiar for Region Sør, legg han til.

Dvergsdal har jobba seks år i Sparebanken Vest og kjem frå stillinga som regionbanksjef. Sidan 10. februar har han vore konstituert konserndirektør for Divisjon Personmarknad. No skal han leie 18 kontor i banken – frå Bergen sentrum og nordover til Møre og Romsdal. Desse kontora hadde ei samla utlånsportefølje på totalt 66,4 milliardar kroner til privatmarknaden i 2019.

Styrker personmarknadens posisjon i leiargruppa

– Det har vore heilt avgjerande å finne dei rette leiarane for å sikre enda sterkare vind i segla for personmarknaden. Denne divisjonen bidrar med heile 60 prosent av inntektene våre og derfor har eg vore opptatt av ein rekrutteringsprosess som søkte mot sterke finansprofilar på Vestlandet, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.

Rekrutteringsselskapet BønesVirik har gjennomført målretta søk, som har resultert i fleire eksterne og interne kandidatar med betydeleg erfaring frå finans.

– Då er det ekstra gledeleg å konstatere at det systematiske arbeidet med leiarutvikling i banken gir ei tyngd som gjer at våre interne kandidatar utkonkurrerer erfarne, eksterne kandidatar. Eg ser frem til å samarbeide vidare med Tore og Simen i konsernleiinga, seier han.

Med denne endringa får personmarknaden styrka si posisjon i leiargruppa og målsettinga er å syte for marknadsvekst og vidareutvikle bankens posisjon i personmarknaden på Vestlandet.

Kommenter artikkelen nedenfor: