Er Norge et økonomisk lykkeland? Mange økonomer mener at vi kan regne med vekst også de kommende årene.
Er Norge eit økonomisk lykkeland? Mange økonomar meiner at vi kan rekna med vekst også dei kommande åra. (Foto: Colourbox)

Vestlandet leiar an når det gjeld økonomisk oppsving her i landet, men samstundes er det  nervøsitet i marknaden, og det vil prega investeringsåret 2018. Det er oppsummeringa til valuta- og renterådgivar i Sparebanken Vest, Remy Atle Bilsback, kjend som økonomisk kommentator på TV2.

Han reknar det også som ganske sikkert at Norges Bank vil setja opp renta i 2018, spenninga knyter seg mest til kor mykje. Med bakgrunn i Norges bank sin nye renteprognose var anbefalingen klar på at fleire burde vurdere fastrentelån på deler av sine bustadlån.

Dette var noko av bodskapen til dei nærare 40 frammøtte på temakvelden i regi av Sparebanken Vest på Sand – om økonomiske utsikter for 2018, og korleis spara smart i dagens marknad.

Snakk med ein rådgivar i banken

Det er mange hensyn å ta for den enkelte før ein tek beslutningar om sparing. Det er viktig med ein passande buffer i banken. Vidare må ein tenkja gjennom kva som er planane framover, og leggja opp ein spareplan som passar med dette. Slike ting er heilt individuelt for kvar person og familie, og difor er det viktig å ta turen innom til ein rådgivar i banken, for å avklara litt detaljar, og få gode råd før ein tek beslutningane.

Stig Morten Nerheim, kunderådgivar på Sand
Stig Morten Nerheim, kunderådgivar på Sand. (Foto: Sparebanken Vest)

Sparebanken Vest har kvalifiserte og autoriserte finansrådgivarar på alle kontor. På kontoret på Sand kan du ta kontakt med Stig Morten Nerheim på Stig.nerheim@spv.no eller med Hans Olav Brustveit på Hans.brustveit@spv.no. 

Dersom du ikkje er på Sand men har lyst til å vita meir om kva som vil vera best for deg og din økonomi, så kan du avtala tid med ein rådgivar i Sparebanken Vest her.

Kva spareprodukt en vel, vil kanskje berre gje eit par prosent utslag på avkastninga. Spørsmålet blir då:

 

Er eit par prosent så viktig når det gjeld sparing?

Thomas Fladby fra Danske Capital svarar eit ubetinga ja på dette spørsmålet.

– Det neste spørsmålet blir då; Kor skal ein finna dei ekstra prosentane? Bankrenta er låg, og over tid utgjer eit par prosent verkeleg ein stor forskjell for beløpet du har til rådighet den dagen du vil bruka sparekapitalen. Det kan difor vera ein idé å vurdera å spara litt i aksjemarknaden, for eksempel i aksjefond.

– For å ha det sagt, timing er ikkje eit poeng her. Det viktigaste er å vera i aksjemarknaden over tid, og ved bruk av spareavtalar vil ein raskare henta seg inn igjen når det blir svingingar og litt ruskete.

Ein kan sjå på meiravkastninga i aksjar over tid som ei stadfesting på at ein historisk har fått god kompensasjon for å ta risiko, og dette seier litt om verdibyggingspotensialet som aksjesparing kan gje, meiner Thomas Fladby.

Meir om fondssparing i Sparebanken Vest her.

Kommenter artikkelen nedenfor: