Gåvemidler på til saman 1 million kroner vart delt ut under Hjartebank-festen på Park Hotel på Voss torsdag 8.november. Pengane gjekk til mange ulike samfunnsnyttige tiltak på Voss og i omland.
Avdelingsbanksjef André Bjørkhaug i Sparebanken Vest på Voss er både stolt og audmjuk etter den vellukka Hjartebankfesten på Voss torsdag 8. november.
Det var god stemning i Vossasalen på Park Hotell. Over 500 personar var til stades denne kvelden. Bjørkhaug innleia festen med å sette banken sitt samfunnsansvar inn i eit historisk perspektiv. Han fortalde om grunnlaget som Sparebanken Vest vart tufta på for nærare 200 år sidan. Trua på enkeltmennesket, fellesskapet og at utfordringar ofte vert løyst best i fellesskap er framleis drivkrafta til Sparebanken Vest.
Publikum fekk oppleve fantastiske konsertar med framifrå artistar. Dumpster Divas song vakkert om bærekraft og kjærleik, Tommy Kristensen imponerte med song og gitarspel, Halie song og sjarmerte publikum, og Bendik rørte alle med sin innleving og vakre røyst.
Lag og organisasjonar heidra
Denne kvelden var det lag og organisasjonar i Ulvik, Granvin, Vaksdal og på Voss som stod i sentrum. Ein ekstern jury beståande av personar med god kjennskap til det frivillige arbeidet i disse kommunane har hatt den krevjande jobben med velja ut gåvemottakarane.
Juryen seier dette om arbeidet med å finna fram til dei 10 ulike tiltaka som no får mellom 20 000 og 300 000 kroner:
– Dei 114 søknadane om Hjartebank-midlar dette året viser kor mykje frivillig aktivitet som går føre seg i denne regionen, og kor mykje innsats og dugnadsarbeid som vert lagt ned for å skapa aktivitet og trivnad for innbyggjarane. Det er imponerande og gledeleg. Takk til kvar og ein som bidreg til innsats for sitt lokalsamfunn. Me veit at bak dette arbeidet står det mange eldsjeler som er avgjerande for å engasjera og oppmuntra til innsats for lokalsamfunnet. Jurymedlem Arne Førde kunne fortelja at arbeidet var krevjande og det var vanskeleg å velje ut dei 10 prosjekta. – Det var mange verdige vinnarar, men juryen skulle gjerna ha delt ut til endå fleire av alle dei gode søknadane. I tillegg vart det utruleg kjekt å sjå alle dei glade gåvemottakarane. Førde avslutta med å seie at dette var så kjekt og meiningsfullt at han stiller gjerna opp ved eit seinare høve òg.
FBEKK – foreininga for utvikling av barnas entreprenørskap
Tom Mæland frå foreininga FBEKK seier dette etter gåvetildelinga. «Gåva frå Sparebanken Vest gjer at me kan investere i fleire robotar og teknisk utstyr. Då vil fleire born få dette tilbodet og me kan halda grunnkurs i programmering til våren. Sjølv om me har ein del kostbart teknisk utstyr ynskjer me at aktiviteten skal være ope for alle og at det ikkje skal kosta så mykje å være med. Me held no fram med arbeidet og rekrutterer fleire smarte hovud!»
Dei som fekk Hjartebank-midlar under Hjartebankarrangementet på Voss er:
1. 4H-klubbane Gløgg, Myrkdalen, Dyktig, Lystig og Raggsokkjen: Gløgg, Myrkdalen, Dyktig, Lystig og Raggsokkjen 4H har søkt om Hjartebank-midlar, i hovudsak til friluftsaktivitetar. 4H-klubbane gjer mykje godt arbeid på dette feltet, og engasjerer medlemane sine, born og unge frå 10 års-alderen, i både praktiske og organisatoriske aktivitetar. Juryen ønskjer å støtta 4H sitt arbeid, og har bestemt at dei 5 klubbane får ein sum på deling. Gløgg, Myrkdalen, Dyktig, Lystig og Raggsokkjen 4H får kr 20 000 på deling.
2. Ulvik helselag: Laget ønskjer å starta opp med nærmiljøtrim/postkassetrim. Juryen meiner dette er eit godt folkehelsetiltak. Det femner om folk i alle aldrar, og vil vera eit passande alternativ for dei litt mindre mobile og for dei som synest at turlaget sin stølstrim er for kondisjonskrevande. Juryen er positiv til eit slikt lågterskeltilbod, og vil støtta Ulvik Helselag med kr 30.000.
3. Stanghelle Idrettslag: Laget ønskjer å etablera ei friluftslivgruppe for born og unge i alderen 7 – 15 år. Det vert søkt om midlar til utstyr som telt, lavvo, primusar, hodelykter m.m. Juryen ser dette som eit svært positivt tiltak som «treff» ei viktig gruppe, og som også kan vera samlande geografisk. Stanghelle Idrettslag får tildelt kr 30 000 til dette tiltaket.
4. Voss Bygdeungdomslag: Dansefoten er eit svært viktig trivselstiltak for psykisk og fysisk funksjonshemma, med dans til levande musikk, mat m.m. Bygdeungdomslaget har drive Dansefoten i mange år, og sjølv om det vert søkt om midlar til «den daglege drifta» ønskjer juryen å berømma tiltaket med økonomisk støtte. Voss Bygdeungdomslag får kr 50 000 til tiltaket Dansefoten.
5. Foreining for utvikling av barnas entreprenørskap, kunnskap og kreativitet (FBEKK): FBEKK driv med teknologiretta aktivitetar for born og unge. Her får dei forska på ulike tema, og ein bruker kreativiteten. Dei har delteke i FIRST Lego League, verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse. Juryen ser på tiltaket som framtidsretta. Juryen vil støtta med kr 50 000 til nytt utstyr slik at tilbodet kan gjevast til fleire.
6. Voss Røde Kors: Voss Røde Kors ynskjer å betra beredskapen på elvar og vatn. Auka kompetanse vil auka deira mulegheit for å driva betre beredskap. Mykje friluftsaktivitetar i vår region går føre seg i nær/i elvar, vatn og fjord. Juryen meiner det er viktig å bidra til auka beredskap på dette feltet. Voss Røde Kors vert støtta med kr 50 000.
7. Granvin Idrettslag: Laget driv lysløype og alpinbakke, og står for vinteraktivitetar som samlar born, unge og foreldre. Laget søkjer om midlar til nytt utstyr til skileik, for å ha eit breiare tilbod, i tillegg til hjartestartar, og til oppgradering av skihytta. Juryen vil støtta Granvin Idrettslag med kr 70 000.
8. Voss Roklubb: Roklubben ønskjer å få i gang att eit aktivt romiljø i Voss for born, unge og vaksne. Ein har no kompetanse i bygda som vil bidra til dette arbeidet. Det trengst nytt utstyr om reetablering skal lukkast. Juryen ser det som svært positivt om det vert meir aktivitet på Vangsvatnet, og ønskjer også å bidra til eit breiare aktivitetstilbod i regionen. Voss Roklubb får tildelt kr 200 000.
9. Dale Idrettslag: Laget vil riva det gamle klubbhuset som er i særs dårleg stand, og byggja nytt. Idrettsanlegget er ein viktig samlingsstad, og eit klubbhus etter dagens standard meiner juryen vil gje ein samlande positiv effekt for Dale og heile kommunen. Det vil vera til nytte for ungdomsskulen og vera eit positivt bidrag til integreringsarbeidet i bygda. Juryen støttar Dale Idrettslag med kr 200 000 og vonar at det kan vera ein god start.
10. Voss Aktivitetspark: Voss kommune har lagt til rette for ein aktivitetspark på Prestegardslandet. Foreininga Voss Aktivitetspark har ansvar for å skaffa midlar til fleire aktivitetar der. Parken skal ha aktivitetar for alle, og er eit gratistilbod. Juryen ser det positive i å ha så lett tilgjengelege aktivitetar i sentrum av Voss. Det vil «treffa» mange og bidra til god folkehelse. Voss Aktivitetspark vert støtta med kr 300 000.
Kommenter artikkelen nedenfor: