150 000,- kroner frå Sparebanken Vest skal gå til tiltak for å nå nye brukarar for Førde Terapibasseng. Dagen etter tildelinga vart det kake for brukarar og frivillige ved terapibassenget.
150 000,- kroner frå Sparebanken Vest skal gå til tiltak for å nå nye brukarar for Førde Terapibasseng. Dagen etter tildelinga vart det kake for brukarar og frivillige ved terapibassenget.

Eit bakeri i Førde fekk ei ekstra hyggeleg bestilling denne veka. Kake med Hjartebank-påskrift til frivillige og brukarar ved Førde Terapibasseng. – 150 000,-. kroner gjer ein stor forskjell i arbeidet for å nå nye brukargrupper, seier styreleiar Jorunn Kirketeig i Førde Terapibasseng.

Under eit stort arrangement i Førdehallen med cirka 650 tilskodarar om kvelden 4. oktober vart ni ulike prosjekt i Sunnfjord tildelt midlar frå Sparebanken Vest. Til saman vart det delt ut 1 million kroner i gåver under gratiskonserten «Hjartebank for Sunnfjord».

– Juryen tok imot 75 søknader fordelt på kommunane; Høyanger, Gaular, Førde Jølster og Naustdal. Det var eit stort spekter av søknader frå heile kulturlivet i dei fem kommunane. Frivillighet, engasjement og variasjon står sentralt i søknadene som vart innstilt.

– Vi i juryen har landa på 9 gode kandidatar, og vi vil oppmode dei som ikkje nådde opp denne gongen om å søke SPV om gåvemidlar neste år, seier juryleiar Rolf Tingvoll.

Hjelp til kvardagen

På Førde Terapibasseng vart gåvemidlane frå Sparebanken Vest sitt samfunnsutbytte feira med kake både til dei frivillige og til brukarane.

– Det er ikkje ofte vi har unna oss markeringar som dette, men eit tilskot på 150 000,- kroner vil gjere mange satsingar mogeleg for oss, og det vil vi feire, seier styreleiar Jorunn Kirketeig i Førde Terapibasseng.

Mange av brukarane av Førde Terapibasseng har til dømes revmatiske plager, og treng varme terapibad rett og slett for å klara seg gjennom kvardagen.  Andre kan ha terapibadet meir som ein sosial arena. 150 000,- kroner frå Sparebanken Vest skal gå til tiltak for å nå nye brukarar.

– Vi ser at det finst innvandrargrupper i Sunnfjord med har mangelfulle symjeferdigheiter, og desse vil vi få i stand ei gruppe for. Likeeins ser vi at mange eldre menn som blir åleine isolerer seg noko meir enn det damene gjer, og vi ynskjer å skape ein sosial arena for desse, forklarer styreleiaren.

Lærer av å ha stort spenn i alder

Eit tiltak for ei noko yngre aldersgruppe, men likevel med eit stort nedslagsfelt aldersmessig, er Reodorgarasjen i Høyanger. Her kan alle frå førsteklassingar og opp til vidaregåande skule få prøv seg på alt som går føre seg på ein verkstad, frå enkle reparasjonar til elektronikk og programmering, til eigne oppfinningar og konstruksjonar.

Reodorgarasjen Høyanger er eit tilbod som legg til rette for teknisk læring, utvikling og praktisk arbeid for born og unge, saman med vaksne.
Reodorgarasjen Høyanger er eit tilbod som legg til rette for teknisk læring, utvikling og praktisk arbeid for born og unge, saman med vaksne.

Foreldre og besteforeldre er velkomne til å vera med, og slik vert det stort spenn i alder. Gåva frå Sparebanken Vest på 75 000,- kr. er tenkt brukt på 3D-printarar til garasje-verkstaden.

– 3D-printar er eit framifrå verktøy for mange slags design. Med det aldersspennet vi har, så har vi både førsteklassingar som er så kreative og oppfinnsame at dei ikkje ser nokon avgrensingar, fram til dei noko meir praktiske tenåringane. Det er ein flott vekselverknad, som kan resultera i spanande konstruksjonar, seier daglig leiar Ståle Walsvik i Reodorgarasjen i Høyanger.

650 fekk gratiskonsert

– I 2014 bestemte vi oss for å lage ein ekstra vri på tildeling av ein del av samfunnsutbyttet vårt, og «Hjartebank for Sunnfjord» er det tredje av 6 Hjartebank-arrangement i år. Hovudkriteriet for tildelinga var at prosjekta skal gjere Sunnfjord til ein betre stad å bu, fortel  den nye banksjefen i Førde, Lars Eivind Solnørdal.

Gratiskonserten onsdag kveld i Førdehallen vart leia av Ronny Brede Aase. Sofia Hyttedalen,  Halie og Kjartan Laurtizen gjorde dette til ei flott oppleving for mottakarane og alle dei om lag 650 frammøtte.

Til saman vart det delt ut 1 million kroner i gåver frå Sparebanken Vest under gratiskonserten «Hjartebank for Sunnfjord».
Til saman vart det delt ut 1 million kroner i gåver frå Sparebanken Vest under gratiskonserten «Hjartebank for Sunnfjord».

Dei som mottok Hjartebank-midler i Sunnfjord er:

  1. Buldre Mannskor: Førde mangla eit mannskor for vaksen ungdom. Det tenkte nokre initiativrike skjelar at dei måtte gjera noko med. På starten av 2017 vart grunnsteinen lagt for Buldre Mannskor som no har vakse seg til eit kor beståande av 20 karar i sin beste alder. Dette gjer lokalmiljøet vårt levande, inkluderande og inspirerande! Og dei vil gjerne rekruttere fleire, både tilflyttarar og lokale, samt arrangere ein eigen konsert. Juryen vil støtte dette flotte mannskoret no i oppstarten med kr. 50 000,-.
  2. Trøkk & Truck: Trøkk n’ Truck er ein festival for alle i aldersgruppa 0 til 100 år. Dei har fokus på bil, musikk, adrenalinfremjande aktivitetar på land, vatn og i lufta. På ettermiddag og kveld er det musikk frå fleire scener. Dei syner stor bredde i aktivitetane, det er fri adgang på dagtid og dei tek i bruk eit område i Førde som elles er lite i bruk. Målet på sikt er å lage landets beste og mest omfattande festival. Ambisiøst? Ja! Derfor vel også juryen å støtte denne festivalen mekr. 50 000,-.
  3. Gaular Paintball klubb: Gaular Paintballklubb arbeider for at ungdom som fell utanfor tradisjonelle idrettar skal ha eit sunt og aktivit miljø å vere i. Eit rusfritt fritidstilbod som skal pregast av mange gode verdiar som felleskap, likeverd, ærligheit og frivillighet. Dei ynskjer å byggje ein arena som står i samsvar med med krav til mål og tryggleik for nasjonale turneringar. For at dei kan halde fram det gode arbeidet med å skape eit inkluderande miljø for ungdommen, ynskjer juryen å støtte Gaular Paintball klubb med kr. 50 000,-.
  4. Reodorgarasjen Høyanger: Reodorgarasjen Høyanger er eit tilbod som legg til rette for teknisk læring, utvikling og praktisk arbeid for born og unge, saman med vaksne. Reodorgarasjen begeistrar og inspirerer born og unge til å vere kreative, oppfinnsame og nyfikne. Det er eit lågterskeltilbod som fremjar interesse for teknologi gjennom praktisk arbeide, kurs og rettleiing. Reodorgarasjen Høyanger ynskjer å kjøpe inn 3 stk. 3D-printarar til garasjen sin. Juryen ynskjer å støtte Reodorgarasjen med Kr. 75.000
  5. Kyrkjebø køyre- og rideklubb: Kyrkjebø køyre- og rideklubb er ein rideklubb under utvikling. Kubben arrangerer ridekurs for born og vaksne. Det siste året har klubben hatt stor auke i aktivitet spesielt for born. I haust tok dei i mot over 60 born og vaksne til ridekurs. Grunna den store auka i aktivitet treng Kyrkjebø køyre- og rideklubb å utvide ridebana som i dag er 20×20, til ei større bane og treningsanlegg. Juryen ynskjer å støtte Kyrkjebø køyre- og rideklubb slik at dei kan utvide ridebana og vidare leggje til rette for aktivitet med hest for born og vaksne i området. Kyrkjebø køyre- og rideklubb er tildelt kr. 125 000,-.
  6. Stiftinga Førde Terapibasseng: Styret i stiftinga Førde Terapibasseng har lagt opp til eit utviklingsprosjekt med mål om å nå nye brukargrupper i bassengaktivitet og symjeopplæring. Dei legg vekt på utviklingstiltak som gir attraktive tilbod til fleire brukargrupper og særleg personar med spesielle behov. Dei er opptekne av å sikre rekruttering og g oppfølging av frivillige vakter. Juryen vil støtte dette gode prosjektet med kr. 150 000,-.
  7. Sande og Bygstad skulemusikk: Sande og Bygstad er eit korps som legg vekt på sosialt samhald og musikalske opplevingar. For å halde oppe motivasjonen ser dei det som viktig at ein har gode instrument som kling godt. Dei ønskjer og å motivere korpsdeltakarane ved å arrangere seminarhelg med andre korps, slik at dei opplever samhald på tvers av kommunegrensene. Juryen ønskjer å støtte dette prosjektet som legg vekt på det sosiale, samtidig som dei ønskjer musikalsk utvikling gjennom å få på plass gode instrument. Vi ønskjer å støtte dette gode formålet med kr 150 000,-.
  8. Årdal og Helgheim grendalag: Grendalaget ønskjer å auke fysisk aktivitet og opplæring i skiferdigheiter gjennom leik, særleg blant born og unge. Skianlegget, som ligg i Årdalen i Jølster har blitt ein stadig meir besøkt ski-arena, både for trening, leik, tur og utflukter. Dei ønskjer no å planere, drenere og forme terrenget i eit 4 dekar stort område på eit område som ligg ved sida av eksisterande lysløype i Årdalen, slik at det vert eit godt eigna område for skileik. Dei ønskjer å legge til rette med kular, hopp i tillegg til eit område der ein lærer å svinge på ski. Det er og tenkt belysning. Juryen ser at dette prosjektet vil gje både unge og vaksne moglegheit til både skiglede og skiopplæring. Området ligg lett tilgjengeleg for folk i alle aldrar, og det ligg plassert slik at tilbodet kan brukast av mange. Vi ønskjer å støtte dette prosjektet slik at grendalaget kan realisere planane sine. Årdal og Helgheim grendalag er tildelt kr. 175 000,-.
  9. Øyra Løken Nærmiljøanlegg: Øyra Løken Nærmiljøanlegg ynskjer å utvikle eit anlegg med eit mangfald av aktivitetar. Fram til no har dei utvikla sykkelløyper, skateområde og turnbasseng. Området ligg sentralt i Naustdal og det er mange brukarar. Dei ynskjer å leggje til rette for frisbee-bane, ballområde, hinderklatreløype, snøkanon og eit sanitæranlegg. For å kunne ferdigstille anlegget og gje eit tilbod som mange i Naustdal kjem til å ha glede av, både små og store, heile året, ynskjer juryen å støtte Øyra Løken Nærmiljøanlegg med kr. 175 000,-.

Kommenter artikkelen nedenfor: