Norled hydrogenferje
Målet med hydrogenprosjektet er å fjerne barrierar, finne norske produsentar og bidra til utviklinga av infrastruktur. Her er Norleds hydrogenferje som skal byrja i drift i 2021 – den første hydrogenferja i Noreg. Foto: NCE Maritime CleanTech.

Store delar av den internasjonale skipsindustrien peikar på hydrogen som eit av dei mest realistiske nullutsleppsalternativa for hurtiggåande fartøy, større skip og lengre overfartar. Dette skal NCE Maritime CleanTech no arbeide med å realisera.

Kjem med tankbilar frå Europa

Ei av utfordringane for skipsfarten i Noreg er at fartøya som skal gå på flytande hydrogen må nytta seg av hydrogen produsert av reformert naturgass, som vert frakta med tankbilar frå Europa. Dette gir ikkje det grøne klimaregnskapet næringa treng.

Skal ein lukkast med omstillinga, må det utviklast ei leverandørkjede for grøn flytande hydrogen i Noreg, heiter det i pressemeldinga frå NCE Maritime CleanTech.

– Vestlandet kan med si vasskraft og sterke maritime kompetanse leia an i overgangen til lågutsleppsamfunnet. Ved å utvikla ei ny verdikjede for hydrogen, ønskjer NCE Maritime CleanTech å ta ei nøkkelrolle i denne overgangen og dermed løfta verksemdene i regionen vår ytterlegare. Me er svært glade for at Sparebanken Vest har vald å støtta dette viktige arbeidet, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Vil gje havnæringane på Vestlandet et løft

Målet er at hydrogen skal vera kommersielt tilgjengeleg for skipsfarten til ein konkurransedyktig pris i løpet av 2022. I prosjektet skal NCE Maritime CleanTech og samarbeidspartnarane kartlegge og fjerne barrierar, finne norske produsentar og bidra til utviklinga av infrastrukturen rundt flytande hydrogen som drivstoff.

Prosjektet er midt i blinken for Sparebanken Vest som ønskjer å bidra til at Vestlandet skal vere ein ledande region for utvikling av klimateknologi og klimaklutt.

– Med dette prosjektet har vi eit unikt høve til å gje havnæringane på Vestlandet eit løft, nytte kompetansen til dei dyktige folka som arbeider med dette og sørgje for at vi styrer i ein berekraftig retning. Vi er glade for å vere med på laget, seier Åsne Ådland-Dale, leiar for CSR i Sparebanken Vest.

Viktig for konkurransekrafta

Hydrogengruppa i NCE Maritime CleanTech
Foto: NCE Maritime CleanTech.

I prosjektet samlar NCE Maritime CleanTech deltakarar frå leiande verksemder frå maritim industri, kraftindustrien og hydrogenselskap.

Arbeidet skal blant anna sikra tilstrekkeleg marknadsgrunnlag, leggja til rette for pilotprosjekt og etablera dialog med aktørar som kan stå for produksjon og distribusjon. Dette skal føra til nye aktivitetar som vil løfta samfunns- og industriutviklinga på Vestlandet.

– Stadig strengare miljøkrav internasjonalt gjer at norske verksemder er avhengige av teknologisk utvikling og miljømessig omstilling for å oppretthalda og styrka konkurranseevna si. Hydrogenløysingar til skip kan bli den neste store maritime eksportvara for norsk industri, og dette prosjektet vil bidra til at norske industriaktørar ligg i front, seier Økland.

Kommenter artikkelen nedenfor: