Full konsentrasjon frå 10 år gamle Oliver på slakk line. (Foto: Sparebanken Vest)
Full konsentrasjon frå 10 år gamle Oliver på slakk line. (Foto: Sparebanken Vest)

Hyggemeterskogen er eit gratis tilbod til familiar under Ekstremsportveko, som Sparebanken Vest er med å arrangera. Det er viktig for banken at familiepublikum, både vossingar og tilreisande, skal ha eit lågterskel tilbod med mange ulike aktivitetar, seier avdelingsbanksjef André Bjørkhaug på Voss.

Sparegrisen og Godteguri vitjar Hyggemeterskogen. (Foto: Sparebanken Vest)
Sparegrisen og Godteguri vitjar Hyggemeterskogen. (Foto: Sparebanken Vest)

Nokre born tek sine fyrste steg i Hyggemeterskogen, andre utfordrar bestefar til å freiste seg på slakk line.

–  Vi har barnehageborn her på morgonen, og skuleborn litt lenger utpå dagen. Det ser ut som heile Voss har oppdaga at dette er eit heilt gratis leikeland under Ekstremsportveko med hoppeslott, hoppemadrasser og slakk line, seier aktivitetsleiar Asgeir Jensen.

Aktivitetsleiar Asgeir Jensen har sitt sjuande år som ein av dei ansvarlege for Hyggemeterskogen. (Foto: Sparebanken Vest)
Aktivitetsleiar Asgeir Jensen har sitt sjuande år som ein av dei ansvarlege for Hyggemeterskogen. (Foto: Sparebanken Vest)

Frå 1 år til 84 år

Severin Øren Sele (nyleg 1 år) nyttar hoppemadrassa i Hyggemeterskogen til å ta nokre av sine fyrste steg, under trygg oppsikt av pappa Nikolai Sele.

Severin Øren Sele tek nokre av sine fyrste steg i Hyggemeterskogen.
Severin Øren Sele tek nokre av sine fyrste steg i Hyggemeterskogen. (Foto: Sparebanken Vest)

Faren er veteran på Ekstremsportveko med mange års erfaring både med fallskjermhopp og ikkje minst terrengsykling, der han har fleire år i Noregs-toppen. Han forsikrar om at det vil gå mange år til Severin får prøva seg på dei store utfordringane, sjølv om minstemann gløttar entusiastisk opp på slakk-lina.

–  Hyggemeterskogen appellere til mange ulike grupper.  Fyrst og fremst er det familiar her, men vi ser at slakk line og madrass til saltomortale appellera til ein del av kjernepublikummet for Ekstremsportveko også. Vi hadde til og med ein 84 år gamal bestefar som vart utfordra av barneborna til å freista slakk line. Han klarte seg ganske bra, seier aktivitetsleiar Asgeir Jensen.

Pappa Nikolai passar på at Severin Øren Sele (nyleg 1 år) venter med å prøva seg på dei store utfordringane, sjølv om minstemann gløttar entusiastisk opp på slakk-lina.
Pappa Nikolai passar på at Severin Øren Sele (nyleg 1 år) venter med å prøva seg på dei store utfordringane, sjølv om minstemann gløttar entusiastisk opp på slakk-lina. (Foto: Sparebanken Vest)

–  Sparebanken Vest har som mål å væra den beste familiebanken, og då vil vi også ha det beste tilbodet til familiane under Ekstremsportveko, seier avdelingsbanksjef André Bjørkhaug på Voss.

Sparebanken Vest gratulera Ekstremsportveko med eit innhaldsrikt og flott arrangement i 2018, og ser fram til å vidareutvikla dette samarbeidet i 2019!

– Sparebanken Vest har som mål å væra den beste familiebanken, og då vil vi også ha det beste tilbodet til familiane under Ekstremsportveko, seier avdelingsbanksjef André Bjørkhaug på Voss.
– Sparebanken Vest har som mål å væra den beste familiebanken, og då vil vi også ha det beste tilbodet til familiane under Ekstremsportveko, seier avdelingsbanksjef André Bjørkhaug på Voss. (Foto: Sparebanken Vest)

Kommenter artikkelen nedenfor: