
– Dette er den beste dagen så langt i år. Denne gåva er vi kjempetakknemlege for, seier Ola Teigen, styreleiar i Svanøy Stiftelse.
Saman med Johan Trygve Solheim, som er dagleg leiar i Stiftelsen Svanøy Hus, mottok dei onsdag to gåver på til saman ti millionar kroner.
Sjå korleis tildelinga gjekk til i Firdaposten
Frå sparebankoverskotet
Den eine gåva på fem millionar er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og desse pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Den andre gåva fekk dei av Sparebanken Vest, gjennom Agenda Vestlandet, som jobbar for eit meir berekraftig næringsliv i regionen.
– Totalt sett har vi eit prosjekt på 26 millionar, og no har vi allereie på plass 15 av dei. Gåvene gjer at vi allereie i haust kan begynne å realisere det store fireårige prosjektet som vi har sett i gong, seier styreleiar Teigen om hovudgården som har ei rik historie som går mange hundre år tilbake i tid.

– Opplevingar, mat, kultur og reiseliv
Bakgrunnen for den store gåva er at no skal den verna kongsgården ikkje berre skal vedlikehaldast, men også utviklast som eit senter for mellom anna kunst, kultur og lokalmat.
– Svanøy er ein fantastisk plass! Her er eit fantastisk næringsliv, fantastiske folk og ein heilt unik plass i Svanøy Hovedgård. Vi har stor tru på prosjektet her. Dette skal vere ein plass for opplevingar, mat, kultur og reiseliv, seier Roy Stian Farsund, direktør for bedriftsmarkanden i Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Om ein ser omgjevnadane på Svanøy, bygningsmassen her på hovudgården, dei dedikterte drivarane, i tillegg til fantastiske lokale råvarer, så har Svanøy utan tvil eit enormt potensial til å få eit endå større merkenamn enn dei allereie har. Vi har veldig trua på det dei no skal i gong med, seier Arild Sandvoll, Sparebanken Vest sin regionsdirektør på bedriftsmarknaden.
Kommenter artikkelen nedenfor: