Heidi Wannberg, Maren Tveiten og Simen Løland Aarskog under overrekkinga av fire millionar kroner til Stiftelsen Sjøkanten trivsel.
Heidi Wannberg, dagleg leiar i Stiftelsen Sjøkanten trivsel, Maren Tungesvik Tveiten, rådgivar i Sparebanken Vest og Simen Løland Aarskog, konserndirektør for privatmarknad i region sør, under overrekkinga av fire millionar kroner til utebassenget i Skånevik. Foto: Svein Egil Økland.

– Eg er imponert over dugnadsånda og det gode fellesskapet her i Skånevik. Det er så mange som verkeleg jobbar hardt for å få dette prosjektet ut i livet. Det vil vi i Sparebanken Vest veldig gjerne vere med å forsterke, seier Simen Løland Aarskog, konserndirektør for privatmarknaden i region sør i Sparebanken Vest.

Torsdag denne veka overraska han og regiondirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest, Olav Hovland, Stiftelsen Sjøkanten Trivsel, med tildelinga på heile fire millionar kroner.

– Tenk å stå tidleg opp, ta turen ned til bassenget her i sjøkanten og få seg ei god treningsøkt her. Eg er sikker på at utebassenget kjem til å spreie trivsel og glede til både store og små her i bygda, seier Simen.

Lokalmiljøet bidrar

Dei første spadetaka er tatt. Om ikkje altfor lenge vil det ligge eit 25 meter langt basseng, eit barnebasseng, badstove, terapirom og garderobar midt i Skånevik sentrum med utsikt til hamna. Hotellet er næraste nabo og skulen ligg rett bak.

Ei heilt ideell plassering, ifølge leiar i Stiftelsen Sjøkanten Trivsel, Heidi Wannberg.

Heidi Wannberg, dagleg leiar i Stiftelsen Sjøkanten Trivsel. Foto: Svein Egil Økland.

– Bassenget skal kome alle til gode! Skuleelevane får symjeopplæring, idrettslaget ein treningsarena, mosjonistar og dei som har behov for opptrening kan symja i oppvarma basseng og ikkje minst vil det bli ein sosial møteplass for aktivitet og leik, seier ho og legg til:

– Det vil også ha mykje å seie for Skånevik-samfunnet generelt, både for fastbuande, hyttefolk og turistar og ikkje minst for næringslivet.

Bruktkupp til inntekt for bassenget

Skåneviksbuen er kjende for si dugnadsånd. Dei lokale firmaa som skal byggje bassenget vil gjere mykje av arbeidet utan å ta betalt. Andre delar av næringslivet i bygda støttar også prosjektet, det kjem tippemidlar og mange har kjøpt sin del av bassenget gjennom såkalla gåvebrev.

Gravinga er godt i gang – her skal små og store plaske om ikkje lenge. Foto: Svein Egil Økland.

Siste nytt er at det er opna bruktbutikk der overskotet skal gå til drifta av bassenget.

– Ein gjeng med entusiastar har starta Sjøkanten brukthandel der alle inntektene av salget skal gå til drifta av bassenget. Det har meldt seg om la 30 personar som vil jobba dugnad på bruktbutikken, så det er berre heilt fantastisk, seier Heidi.

Symjeopplæring nokre meter frå skulen

Maren Tungesvik Tveiten, rådgivar for Sparebanken Vest i Etne, har sjølv vakse opp i Skånevik. Ho kan framleis hugse dei lange bussturane fram og tilbake til Etne for å ha symjeopplæring i skulen.

– No kan ungane lære seg å symje rett her – det er verkeleg flott. Eg håpar også at dette vil gjere bygda enno meir attraktiv for turistar og feriefolk. Hurtigbåten frå Bergen legg jo til kai rett her nede, seier Maren og peikar.

Solcellebatteriar skal varme opp bassenget på 25 x 8,5 meter. Illustrasjon: Stiftelsen Sjøkanten Trivsel.

Oppfordrar til å søke om prosjektmidlar

Fram til 15. juni kan lag og organisasjonar søke om prosjektmidlar frå Sparebanken Vest. Simen Løland Aarskog oppfordrar skåneviksbuen og andre til å søke om midlar til prosjekt som dei brenn for.

– Vi håpar på gode søknadar frå lag og organisasjonar som har gode initiativ som kan kome folk i bygd og by på Vestlandet til gode. Det er dette som er sparebankmodellen – vi deler overskotet med vestlendingane, seier han.

Søk om prosjektmidlar

Kommenter artikkelen nedenfor: