De to unge Os-jentene Zofia Konieczka og Frida Solheim imponerte på scenen under «Hjartebank for Bjørnafjorden». Foto: Silje Lepsøy.
De to unge Os-jentene Zofia Konieczka og Frida Solheim imponerte på scenen under «Hjartebank for Bjørnafjorden». Foto: Silje Lepsøy.

Gåvemidler på til saman 1 million kroner, som vart delt ut under Hjartebank-konserten i Oseana 1. november, gjekk både til heilt nye tiltak og til lag med lange tradisjonar.

Ingen var meir overraska enn leiar for Samnanger pensjonistlag, Solveig Karin Vassenden, som frå scena vedgjekk at ho var ganske så «sjokka».

– Ja, det var ei overrasking å bli ropt opp som aller første mottakar, sjølv om vi eigentleg er ganske sindige folk, forklarer leiaren for laget etter at pensjonistgruppa frå Samnanger har fått sett seg ned litt etter «sjokket».

– Vi har lenge ynskt oss å få til eit tiltak som kan skapa kontakt mellom generasjonane. Vi veit at dette er viktig, ikkje minst for dei eldre åleinebuande. Det aller beste er om ein kan møtast for å dela eit godt måltid. Det som vi skal få til, med dei 50 000 kronene som vi har fått i gåvemidlar, er å få i stand måltider der dei største ungane i Vassloppa barnehage får dele eit måltid saman med pensjonistar.

Eirik Søfteland, kjent fra «Idol» og «Skal Vi Danse», hadde dobbeltrolla som artist og konferansier under «Hjartebank for Bjørnafjorden», og han viste seg som ein showmann utan like i begge roller. Foto: Silje Lepsøy.
Eirik Søfteland, kjent fra «Idol» og «Skal Vi Danse», hadde dobbeltrolla som artist og konferansier under «Hjartebank for Bjørnafjorden», og han viste seg som ein showmann utan like i begge roller. Foto: Silje Lepsøy.

– Hjartebank-konferansier Eirik Søfteland vonar han vert invitert på pinnekjøtt?

– Vi må finne eit høve til å invitere han, men med borna frå Vassloppa barnehage med, så vert vi nok nøydd til å by på mat som det passar med ketsjup til, seier leiar Solveig Karin Vassenden i Samnanger pensjonistlag med eit smil.

Eldsjeler med bankande hjarte

Tildelingane under viste breidde både gjennom at tiltak i heile Bjørnafjorden-regionen fekk gåvemidler, men også gjennom at både idrett, kultur og frivillige lag fekk pengegåver.

Juryen seier om arbeidet: Vi har hatt gleda over å få dele ut 1 million kroner til eldsjeler med bankande hjarte for folk, aktivitet og gode liv i Bjørnafjorden. Med 151 mottekne søknader har det vore eit krevjande arbeid å finne dei utvalte. Juryen vil sende ein stor takk til alle som har satt seg ned og brukt tid på å søke og formidle sitt engasjement og sine ønskjer, for å gjere vår region enda betre, tryggare, meir tilgjengeleg, open, inkluderande og mykje, mykje meir. Juryen har jobba ut i frå hovud-stikkorda eldsjel, bredde og førebygging i vårt tildelingsarbeid.

Eit heilt nytt tiltak som vekte juryen si merksemd, var eit nytt folkehelseprosjekt frå OL- og EM-utøvar i sandvolleyball, Merita Berntsen Mol, med utgangspunkt i Strandvik Beachvolleyball. Prosjektet blir støtta med 150 000 kroner.

Profesjonelle med hjarte for breiddeidrett

– Sjølv om eg har bakgrunn i sandvolleyball, så vil dette prosjektet handla om mykje meir enn sandvolleyball. Vår region har ei rekke toppidrettsutøvarar som også brenn for breidde-idrett. Vi har med oss Liv Grete Skjelbreid innan skiskyting, og vi har eit miljø i Norges-toppen i karate. Sjølv om vi er profesjonelle som står bak, så vil folkehelseprosjekt handla om å få alle i aktivitet.

«Hjartebank for Bjørnafjorden» vart det første samarbeidsprosjektet til Sparebanken Vest-kontora i Os og i Fusa, som no begge blir ein del av Bjørnafjorden-regionen. Foto: Silje Lepsøy.
«Hjartebank for Bjørnafjorden» vart det første samarbeidsprosjektet til Sparebanken Vest-kontora i Os og i Fusa, som no begge blir ein del av Bjørnafjorden-regionen. Foto: Silje Lepsøy.

– Vi tenkjer oss leik-inspirerte aktiviteter der både foreldre og born deltek. Slik motverkar vi inaktivitet i fleire generasjoner. Håpet er at borna held frå med aktivitetar, og at nokre av dei vaksne etter kvart også vil få interesse for trenar-oppgåver, Merita Berntsen Mol. Sjølv har ho ein ekte idrettsfamilie, der mellom andre sonen Hendrik og dottera Melina også tek idrettsgleda vidare.

Dei som mottok Hjartebank-midler i under Hjartebank Bjørnafjorden er:

Samnanger Pensjonistlag:  Juryen kjenner «ekte hjartebank» for dette prosjektet, som vil syta for meir kontakt mellom eldre åleinebuande og barnehagebarn. Det å dela eit måltid saman er ein fin måte å skapa kontakt på. Eit måltid kan vera ei fin ramme for gode samtalar mellom barn og eldre, og mellom eldre åleinebuande som på denne måten kjem saman.  Juryen ønskjer  å tildela Samnanger Pensjonistforening kr 50 000 til prosjektsamarbeid med Vassloppa barnehage, kor målet er å knyta band på tvers av generasjonar rundt middagsbordet.

Os Turnforening:  Denne gjengen trenar ein gong i veka og er med på 6 turneringar i året. Handballgruppa er for menneske med psykisk utviklingshemming. Juryen sine hjarte banka ekstra sterkt for denne gruppa og vi ønskjer å tildele kr 50 000 til Os Turnforening sitt gullag, slik at dei får høve til å vera med på turneringar også framover.

Os Rockeklubb: Denne klubben er driven av eldsjeler med eit hjarte som bankar for rock. Rockeklubben er ein av Noregs eldste og har eit ønske om å legge til rette for eit aktivt musikkmiljø i Os. Ungdommane har allereie arrangert 3 konserter i Os, Fusa og Åsane og juryen vil med dette tildela Os Rockeklubb kr 50 000 til å fortsetje arbeidet med prosjektet Ung Rock Overalt!

Os frivilligsentral: Frivillig arbeid skapar engasjement i lokalsamfunna. Frivilligsentralane er lokale møteplassar for enkeltmenneske, lag og det offentlege som genererer frivillig innsats for og med det breie lag av befolkninga. Os og Fusa frivilligsentral har gått inn i eit felles nettverk og inviterer frivilligsentralar i Hordaland til ei samling i Os kommune for å gjera kvarandre gode. Juryen vil derfor støtta Os frivilligsentral sine inspirasjonsdagar ”møte mellom menneske” med kr 50.000.

Fusa Svømmeklubb og Os Svømmeklubb: Juryen kjenner på kor viktig arbeidet desse to laga søkjer pengar til er, og har valt å tildele aktøren frå Fusa og aktøren frå Os, som har søkt uavhengig av kvarandre. Svømmedyktige barn i våre fjordkommunar er noko vi alle ynskjer oss og ser viktigheita av. For å sikra kvalitet, gode instruktørar og tid i svømmehall, gir juryen 75 000,- til Fusa Svømmeklubb, og 75 000,- til Os Svømmeklubb.

Samnanger Skulemusikklag: Denne tildelinga går til ein ivrig gjeng musikantar med hjartebank for musikken. Til dette er dei avhengig av god opplæring, gode instrument og utstyr, då dette har alt å seia for resultatet og musikkgleda. Dei treng mellom anna konsertstortromme, paukar, klokkespel, notestativ, tubakrakk samt nye skjorter og hettegenserar.  Juryen ønskjer å tildela Samnanger skulemusikklag kr 75 000.

Samnanger frivilligsentral: Av fleire grunnar er det ikkje alle som har tilgang på fritidsutstyr, slik at dei kan vera med på lik linje med andre.  Eit tiltak for å gje alle same moglegheit er ein utstyrsbank der born, unge, familiar, skuleklassar, idrettslag og andre kan låna fritidsutstyr gratis. Dette vil auka deltakinga til fritidsaktivitetar, auka den fysisk aktiviteten og ikkje minst gleda av det å kunne delta,  uavhengig av korleis utstyrsboda ser ut i heimen. Juryen tildeler 100.000 kr

Strandvik Beachvolleyball: Denne prisen går til eit folkehelseprosjekt som vil bidra til å auka foreldreengasjementet og motverke inaktivitet hos barn. Med hjelp frå topp kompetente instruktørar vil det gi born og foreldre moglegheit for eit godt samspel, gjennom trening og leik på ein ny og spanande måte. Vinnaren har vist ekte hjartebank for å skape engasjement, både innan bredde og toppidrett i eiga bygd og i heile kommunen, og får 150.000 kr.

Fusa Idrettsråd: Neste pris går til eit stort løft innan kultur og idrett. For å kunne gi eit bredt og godt tilbod til alle, er det nødvendig med innkjøp av utstyr til styrketreningsrommet. Juryen har valt å gi 150.000,- til Fusa Idrettsråd for innkjøp av utstyr, som vil gi alle moglegheit for å rehabilitering, førebygging og god helse .

Kommenter artikkelen nedenfor: