Korps, ferieklubb, turløype og teaterhus. Det var nokre av dei gode formåla som fekk litt meir å rutte med til sine aktivitetar for store og små, under «Hjartebank»-konserten på Bømlo denne veka.
– Vi har mange born og foreldre i korpset som gjer ein verdifull innsats både ved ordinære øvingar og når korpset spelar ved ulike arrangement. Eg kunne sjå at mange av dei fekk blanke auge då Moster skulekorps og summen på 50 000 kroner vart lesen opp. Det var jubel i taket frå dei minste og opp til besteforeldra, seier dirigent Stein Høyland i Moster skulekorps.
Dette var eit av tre ulike korps som fekk denne summen til instrument og utstyr under «Hjartebank for Bømlo»-konserten tysdag. 8 lag og organisasjonar fekk gåver frå Sparebanken Vest, til saman 1 million kroner til ulike former for frivillig innsats.
Sparebanken Vest ønskjer at pengane skal gå til særskilte prosjekt og investeringar heller enn til dagleg drift. Både for Moster skulekorps og for dei to andre korpsa som fekk 50 000 kroner, Hillestveit Musikk-korps og Bømlo Skulekorps, vil dette seie pengar til instrument og uniformer.
Honnør til foreldra og musikantane
– Dette er ein stor honnør til foreldra og musikantane som står på gjennom heile året. 50 000 kroner er ein sum som monnar, faktisk er det så mykje at det kan bli noko pengar til uniformering også, seier ein begeistra Stein Høyland, dirigent i Moster skulekorps.

I tillegg til pengetildelingane, fekk bømlingane også gratiskonsert med artistar som Halie og Hkeem, i et program der Heine Totland og Gisle Børge Styve med humor og stø hand haldt orden på innslaga. Om lag 900 tilskodarar opplevde konserten i Bømlohallen.
– Alle aldersgrupper hadde det kjekt. Ungdommen sette nok aller mest pris på Halie og Hkeem, men i tillegg er sjølvsagt Heine Totland ein stor, lokal helt. Vi i korpset har også nokre gonger hatt gleda av å ha han med som solist, og det er alltid stas, legg Stein Høyland til.

Så vert det juleverkstad likevel
Bømlo frivilligsentral står bak drifta av Ferieklubben på Bømlo. Dette var eit av dei tiltaka som fekk den største summen på 200 000 kroner. For dei daglege leiarane May Brit Alfsvåg og Anne Johannesen, som aktiviserer nærare 65 born i Bømlo-området, så vil desse pengane mellom anna gjera sitt til at Ferieklubben kan ha juleverkstad før jul. Dette var eit av dei arrangementa det tidlegare såg litt mørkt ut for. I tillegg vert det større mangfald av aktivitet under sommarleiren neste år.
– Vi ser at ikkje alle born får så mykje aktivitet som dei bør ha når det er ferie. Sjølv om vi rettar oss særskild mot desse borna, så er alle barn velkomne, noko som også gjer at born frå ulike bakgrunnar har ein felles arena, fortel May Brit Alfsvåg.
Mellom aktivtitetane til Ferieklubben på Bømlo er sommarleir, gratis familiekino, aktivitetstur i haustferien og elles aktivitetar i alle skuleferiar.
– Om lag 65 born deltek, og det er litt over 20 frivillige som står på i tiltaka våre. Vi ser også at mange av de som har delteke som born, dei kjem tilbake som frivillige når dei er tidleg i 20-åra, legg May Brit Alfsvåg til.
Lokal jury
Det er ein lokal jury som har plukka ut 8 lag og organisasjonar som fekk til saman 1 million kroner under «Hjartebank»-konserten på Bømlo denne veka. Juryen fekk 100 gode søknader til vurdering. Mottakarane er godt spreidde i kommunen, fordeler seg på ulike aktivitetar og utrykk, og når vonleg fram til breie lag av folket på Bømlo.
– Hovudkriteriet har vore at desse prosjekta skal gjere Bømlo til ein betre stad å bu. Vi oppmodar dei som ikkje nådde heilt opp i denne omgang om å søkje om midlar frå samfunnsutbyttet til Sparebanken Vest ved neste høve. Her er søknadsfrist 1. april kvart år, seier banksjef Vivi Tranøy Loftheim.
Dei som mottok Hjartebank-midler denne gongen er:
- Korps: Hillestveit Musikk-korps, Bømlo Skulekorps (Rubbestadneset, Svortland, Gilje og Meling) og Moster Skulekorps blir støtta med kr. 50.000,- kvar til instrument og uniformar. Korpsa representerer eit svært viktig kulturinnslag kommunane, og har ein lang og god tradisjon i Bømlo. Juryen vonar at dette kan bidra til å oppretthalde eit godt korpstilbod i kommunen vår. Kvart korps er tildet kr 50.000,-
- Forskerklubben: utstyr. Forskerklubben er ein fritidsklubb for skuleborn på Bømlo, med tilhald på Moster. Juryen synest Forskarklubben er eit spennande nytt fritidstilbod for unge på Bømlo, og eit supplement til eksisterande tilbod. Juryen registrerer at dei driv med spanande aktivitetar som knyter nyfikne saman med naturvitskap og teknologi, noko som skaper hjartebank i ein gründerkommune som Bømlo. Forskerklubben er tildelt kr 50.000,-.
- Bømlo Frivilligsentral: Ferieklubben Ferieklubben er eit hjartevarmt tiltak for born i Bømlo kommune. Dette er eit lågterskel tilbod for alle frå 1-7 klasse, men der ein prioriterer born med spesielle behov. Ferieklubben har aktivitetar som skaper fysisk aktivitet, samhald og venskap på tvers av grender, kulturar, språk og funksjon. Tilbodet er viktig både for ungar og deira foreldre i ferietida. Bømlo Frivilligsentral er tildelt kr 200.000,-
- Turløype Siggjo: sherpatrapper. Siggjo har gjeve hjartebank til dei fleste bømlingar, er ein merkevare for Bømlo og ein av våre mest brukte turløyper. Aktiviteten er stadig aukande. Organisasjonen «Turløype Siggjo» er ein frivillig organisasjon oppretta for å utbetre dei mest slitte traseane frå Grøvle til toppen med sherpatrapper. Dette vil koma svært mange bømlingar til gode og heva attraksjonsverdien til det flotte fjellet vårt. Turløype Siggjo er tildelt kr 200.000,-
- Bømlo Jakt og Fiskelag: elgbane. Laget har mange medlemer i eit vidt aldersspenn, og driv både konkurranse på høgt nivå og opplæring av nye jegerar gjennom Jegerprøven. Ein slik bane representerer ein ny idrett og tilbod i Bømlo kommune. Hjortejakt er også viktig både som rekreasjon og viltforvaltning i kommunen vår, og ein elgbane vil styrke treningsgrunnlaget og dermed dyrevelferd i jakta. Bømlo Jakt og Fiskelag utmerker seg elles med å by på aktivitetar i ulike samanhengar. Bømlo Jakt og Fiskelag er tildelt kr 200.000,-
- Bømlo Teater: utvikling av eigedomen Sagatun: Bømlo Teater engasjerer svært mange både i vår kommune og regionen. Juryen ser behovet for å utvikle Sagatun til eit tenleg anlegg for teateret og for arrangement i Moster Amfi. Bømlo Teater gjev publikum store opplevingar og hjartebank gong etter gong med sine forestillingar, og juryen vonar dette vil hjelpe Bømlo Teater til å realisere draumen om eit nytt Sagatun i samband med jubileet for Kristenretten i 2024. Bømlo teater er tildelt kr 200.000,-
Utover hausten vil Sparebanken Vest også arrangera «Hjertebank for Sør-Jæren» 27.september, «Hjartebank for Sunnfjord» 3.oktober, «Hjartebank for Måløy & Selje» 5.oktober, «Hjartebank for Bjørnafjorden» 1.november og «Hjartebank for Voss og omland» 8.november.
Kommenter artikkelen nedenfor: