Corvus Energy er Årets klyngebedrift
F.v. Ragnhild Janbu Fresvik, konserndirektør i Sparebanken Vest, Geir Bjørkeli, prisvinnar og administrerande direktør i Corvus Energy og Hege Økland, daglig leder i NCE Maritime Cleantech. Foto: NCE Maritime Cleantech.

– Aldri før har verda hatt større klimautfordringar og aldri før har Vestlandet hatt større moglegheit til å bygge nye industrieventyr for å løyse utfordringane. Corvus Energy er eit suverent førebilete i denne utviklinga og ein verdig vinnar av «Årets klyngebedrift», seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik.

I jurybeskrivelsen blir årets klyngebedrift omtala slik:

Med si innovasjonsevne, sine framtidsretta produkt og gode samarbeidskultur, er Corvus ein viktig bidragsytar til å auke farta på den grøne omstillinga i skipsfarten. Corvus har etablert moderne robotisert produksjon av maritime batteri midt i klynga sitt geografiske tyngdepunkt, der produksjonen skal forsyna den europeiske marknaden med batteri.

Grøn innovasjon gjennom samarbeid

NCE Maritime CleanTech og Sparebanken Vest står bak prisen “Årets klyngebedrift”. Prisen skal gå til ei klyngeverksemd som har utmerka seg innan grøn teknologi og som ein aktiv deltakar i klyngesamarbeidet. Vinnaren får med seg 100.000 kroner og eit diplom.

Målet med prisen er å stimulere til grøn innovasjon gjennom samarbeid, og å framheve klyngepartnarar som er gode ambassadørar for klyngesamarbeidet.

– Som følgje av ambisiøse internasjonale klimamål vil etterspurnaden etter grøn teknologi auke betydeleg i åra som kjem. Arbeidet som blitt gjort i klynga er difor svært viktig for den framtidige verdiskapinga til norsk industri, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Har ei offensiv internasjonal satsing

I jurybeskrivelsen heiter det også at:
Selskapet har sterke vekstambisjonar, og har ei offensiv internasjonal satsing. Juryen vektlegg at selskapet er ein aktiv deltakar i klyngesamarbeidet og brukar samarbeidsplattforma i NCE Maritime CleanTech aktivt i si strategiske satsing. Corvus deltek aktivt i ulike klyngeaktivitetar, og drar vekslar på ressursar i klyngeadministrasjonen i si satsing.

Juryen peikar også på at Corvus deltek i fleire innovasjonsprosjekt i samarbeid med øvrige klyngedeltakarar, framsnakkar øvrige klyngedeltakarar og klyngesamarbeidet i ulike samanhengar, og meiner Corvus er ein svært god ambassadør for NCE Maritime CleanTech.

Kommenter artikkelen nedenfor: