Gi gaven videre
Foto: Håkon Mjøs.

– Det blir litt meir personleg når ein får lov til å gje noko til ein organisasjon som ein har tru på og har fått lov til å velje. «Gi gaven videre» er ei berekraftig gåve som tek mottakaren på alvor, seier Aksel Mjøs, initiativtakar til Gi gaven videre.

Han fekk ideen til det digitale gåvekortet etter sitt eige 50-årslag, der han ønska seg donasjonar til ein velgjerdsorganisasjon og ikkje vanlege gåver. Dette kan gjerast enklare, tenkte han. Og eit viktig stikkord er «valfridom».

Høgsesong med julegåver frå arbeidsplassen

Med støtte frå mellom anna Agenda Vestlandet, Sparebanken Vest si stifting, og Innovasjon Norge, vart portalen www.gigavenvidere.no fødd, og på kort tid har gåvekortet vorte ei populær bedriftsgåve.

Aksel Mjøs, initiativtakar til Gi gaven videre.

Akkurat no er det høgsesong med alle arbeidsplassane som skal gje julehelsingar til dei tilsette.

– Det er ofte mykje arbeid for dei som skal halde på med desse julegåvene, og viss vi skal vere heilt ærlege, så er det veldig ofte at gåva blir heilbom for mange. Her kjem valfridomen inn – moglegheita til å gje til hjartesaka, seier Mjøs.

Snart også for privatpersonar

I 2021 skal òg privatpersonar kunne nytte det digitale gåvekortet.

– Vi jobbar no med å finne gode betalingsløysingar som skal gjere det mogleg for kven som helst å kjøpe eit «Gi gaven videre»-gåvekort. Og då er vi på ein måte tilbake der vi starta – at vi som privatpersonar kan gjere noko meiningsfullt ut av ei gåve, seier Mjøs.

Han utelet heller ikkje at portalen òg kan få eit liv utanfor Noreg sine landegrenser.

– Så snart vi har kapasitet og litt meir finansiering, ønskjer vi å teste den nordiske marknaden, seier han.

Fekk støtte på 5,25 millionar

Agenda Vestlandet har støtta dette berekraftige initiativet med i alt 5,25 millionar kroner. Føremålet med stiftinga er å støtte berekraftige prosjekt her i vest innafor næringsliv, forsking og frivilligheit.

– «Gi gaven videre» sin forretningsmodell gjev mottakaren stor valfridom i kven som skal få gåva. Det trur eg er sjølve nøkkelen for å få suksess med gåveformidling. Nettopp av den grunn har Agenda Vestlandet, Sparebanken Vest si stifting støtta dette prosjektet, seier Frode Nergaard Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet.

Som relativt ny leiar for stiftinga, er han glad for å kunne støtte akkurat dette prosjektet.

– Mange av oss har det materielt godt. Det er god berekraft å gje gåva vidare til nokon som treng det meir enn oss sjølve, seier Fjeldstad.

Sjekk ut «Gi gaven videre»

Ønskjer du og di bedrift å nytte «Gi gaven videre» til tilsette, kundar eller andre forretningsforbindelsar? Sjå korleis du kjøper eit digitalt gåvekort på www.gigavenvidere.no.

Barnekreftforeninga, WWF Verdas Naturfond, Kirkens Bymisjon, Sykehusklovnane, Dyrebeskyttelsen Redd Barna og Norsk Luftambulanse er blant organisasjonane som mottakaren kan velje å gje pengar til med Gi gaven videre.

Kommenter artikkelen nedenfor: