Sogndal Fotball
Frå venstre: Tore Dvergsdal – konserndirektør PM Nord, Yngve Hallén – dagleg leiar Sognahallen AS, Lars Eivind Solnørdal – banksjef Sogndal-kontoret, Jan Erik Kjerpeseth, administrerande direktør Sparebanken Vest, Rasmus Mo – dagleg leiar Sogndal Fotball, Jan Rune Årøy – styreleiar Sogndal Fotball.

Sparebanken Vest har vore generalsponsor for Sogndal Fotball sidan 2008, og er tydelege på at dei er ein langsiktig partnar.

– Står med Sogndal i tykt og tynt

– Akkurat slik som det viktig å gje tryggleik og stabilitet til kundane våre, er det viktig for oss å gjere det same for samarbeidspartnarane våre. Me har stått med Sogndal i tykt og tynt, også i vanskelege tiar som under koronaen, og det skal me fortsette å gjere, seier administrerande direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth.

Sogndal Fotball er svært glade for å ha forlenga avtalen.

– Det betyr veldig mykje for både laget og bygda å ha med samarbeidspartnar av denne størrelsen i ryggen. Sparebanken Vest har vist at dei tar stort samfunnsansvar, ikkje minst i form av hjelpen vi har fått frå Koronafondet deira, seier Rasmus Mo, dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Bestill Sogndal-bankortet

Nytt av året, er at man no kan bestille bankkort med eige Sogndal Fotball-design som gjer kundane fordelar på kamp.

– Vi hadde lyst å gjere noko ekstra for Sogndal-patriotane, og har derfor lansert eit bankkort med nytt og stileg Sogndal-motiv. Alle kundar som bestiller dette kortet og viser det frem på kamp på Fosshaugane denne sesongen, får ein kopp gratis kaffi. Vi har òg planar om å legge til andre fordelar i kortet etter kvart, fortel banksjef ved Sogndal-kontoret, Lars Eivind Solnørdal.

Lese meir om kaffi-tilbodet og andre fordelar som Sogndal-patriotar har hos Sparebanken Vest på spv.no

Kommenter artikkelen nedenfor: