Sykkeltur i politisk landskap

Sykkeltur i politisk landskap
Foto: Colourbox

There is nothing, absolutely nothing, quite so worthwhile
as simply messing about on bicycles.
Tom Kunich – syklist

[Dette lesarinnlegget vart og publisert i Bergens Tidende på nett og i papirutgåva den 30. mai 2017]
Eg har sykla i mange slags landskap. Både her heime og i utlandet. Stort sett har det vore gode opplevingar.

Den seinare tids sykkeltur i politiske landskap må derimot karakteriserast som ei litt anna oppleving.

I snart 200 år har Sparebanken Vest vore ein aktiv samfunnsaktør i regionen vår. Val av eigarskapsmodell for Sparebanken Vest er heilt grunnleggjande for å sikre vidareføringa av den rolla vi har hatt som bank og som samfunnsaktør her på Vestlandet. Vår eigarskapsmodell inneber at vi er eigd 25 prosent av private eigarar (eigenkapitalbeviseigarar) og 75 prosent sjølveigande gjennom banken sitt grunnfond. Det vil seie at banken har to distinkt ulike føremål. På den eine sida skal vi levere konkurransedyktig avkastning til våre private eigarar gjennom banktenester og kundeopplevingar av høg kvalitet. På den andre sida skal vi bidra til allmennyttige føremål gjennom disponering av grunnfondet sin del av overskotet.

Historisk sett har banken alltid identifisert problem i si samtid og gitt sine bidrag til å løyse eller utvikle desse. Her har spennvidda for engasjementet vore stort. Frå Vossabana til byparkane. Frå Sandviken sjukehus til det første teateret. Frå sjøbada til Stenersen Samlingane. Engasjementet har vore djupt og breitt. Det er dette historiske fundamenet vi står på. Det er dette som er Sparebanken Vest sitt DNA. Gåveverksemda er ein integrert del av vår forretningsmodell og ei vidareføring av vår historie.

I nyare tid i har vi vore med i etableringa av til dømes Litteraturhuset i Bergen, Fargespill og Norsk Klimastiftelse. I år har vi etablert utdanningsprogrammet «Brytningstid» saman med NHH, der føremålet er å styrke omstilling- og innovasjonskapasitet i vestnorske verksemder. No arbeider vi systematisk med prosjekt som på ulike måtar skal bidra til sterkare næringsutvikling i regionen, i tillegg til ei rekke prosjekt relatert til utdanning, oppvekstvilkår og det rike kulturlivet i regionen. I mange av desse prosjekta samarbeider vi både fagleg og økonomisk med det offentlege, politikarar og det private næringslivet. Det vil vi halde fram med.

Til saman har vi bidrege med over 600 millionar kroner det siste tiåret. Det vert ikkje mindre dei neste ti åra. Berre i 2017 vil vi dele ut 100 millionar til gode initiativ for Vestlandet.

Bysyklar i Bergen er berre eit av mange prosjekt vi meiner er av stor interesse for ei god utvikling av byen vår. Vi kjem til å være pådrivar for utvikling av gode prosjekt for byen også i åra som kjem. Uavhengig av kven som til ei kvar tid sit med den politiske makta. Slik har det alltid vore. Slik vert det framover også.

Når det gjeld spørsmål rundt handteringa av saka har Bergen kommune gitt sine svar på dette. For Sparebanken Vest sin del kan det være greitt å kommentere spesielt fire faktorar som framleis synest å vere uklare i medieomtalen:

For det første: Å diskutere eit samarbeid om bysyklar med Bergen kommune var underteikna sitt initiativ. Ideen om ei ordning for 2017 vart føreslått konkret frå oss i tilknyting til møtet med representantar for Bergen kommune i februar.

For det andre: Banken krev ikkje motytingar for denne gåva.

For det tredje: Det er vi aleine som har valt leverandør for gåva.

For det fjerde: Det er riktig at vi har tilsette som engasjerer seg politisk i kommunar og fylkje, frå Raudt til Frp. Når jobb møter politikk er det sjølvsagt i politiske styringsorgan som bystyret dei er inhabile, ikkje omvendt.

For vår del er saka enkel. Etter at DNV GL si bysykkel-gåve vart så vellukka i fjor, tok vi vårt initiativ for å sikre at Bergen skulle få bysyklar gjennom heile sommaren 2017. Vårt håp er at vi med dette samstundes vil bidra med datagrunnlag til ei permanent ordning med bysyklar i Bergen. Saman med kommunen gleder vi oss til sykkelsommaren som er i vente.

Så får politiske landskap være landskap, så lenge.

Hallgeir Isdahl,
Konserndirektør for samfunnsansvar i Sparebanken Vest

Kommenter artikkelen nedenfor: